Skjerpa krav til søknad om teieplikt

Fylkesmannen handsamar kvart år fleire søknadar om fritak frå teieplikt etter straffeprosesslova og tvistelova. Me ønskjer å orientera om ein uttale frå Sivilombudsmannen i sak SOMB-2017-1186 som er av betydning for Fylkesmannen si framtidige handsaming av slike saker. Føremålet er å sikra ei betre handsaming av sakene og å gjera prosessen enklare for kvar søkjar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.02.2020

Bakgrunnen for ombodsmannsaka:

I samband med etterforsking av straffbare forhold mot klagar si mor sendte politiet ein søknad om fritak frå teieplikt til eit fylkesmannsembete. Politiet bad om å få friteke ein tilsett i barnevernet frå lovbestemt teieplikt i ei tidlegare barnevernsak kor klagar var part. Hovudspørsmåla i ombodsmannsaka var om Fylkesmannen i si handsaming av søknaden hadde oppfylt krava til forsvarleg sakshandsaming.

Ombodsmannen konkluderte med :

  • Klagaren skulle fått høve til å uttala seg før avgjerda blei treft
  • Det var ein sakshandsamingsfeil at Fylkesmannen ikkje underretta klagaren om si avgjerd. Fylkesmannen si avgjerd om å frita frå teieplikta var ikkje tilstrekkeleg grunngjeve, og det var i tillegg ikkje opplyst om høvet for retten til å koma til eit anna resultat.
  • Fylkesmannen sin praksis ved utsending av avgjerder etter straffeprosesslova § 118 bør endrast slik at den som har krav på hemmeleghald blir underretta så lenge det er foreinleg med pågåande etterforsking eller straffesak

Fylkesmannen har på bakgrunn av denne uttalen skjerpa kravet til søknaden ved at den som har rett på teieplikt skal gjevast høve til å uttala seg før avgjerd føreligg. Ein skal difor forsøka å innhenta samtykke frå den som har krav på teieplikt så langt det er foreinleg med pågåande etterforsking eller straffesak, før ein søkjer om fritak for teieplikt. Med same grunngjeving skal Fylkesmannen difor i utgangspunktet underretta den som har krav på hemmeleghald om vår avgjerd.

I høgremargen på hovudsida om fritak for teieplikt finn dykk vårt informasjonsskriv om fritak frå teieplikt, kor det går fram kva vi treng av informasjon for å handsama søknadar. I høgremargen finn dykk også vårt elektroniske søknadsskjema, som vi oppmodar dykk til å nytta.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.