Fylkesmannen i Rogaland fritek berre tilsette i Rogaland frå teieplikta

Kommunal- og moderniseringsdepartementet klargjer at dei einskilde embeta kan frita tilsette i sitt eiga fylke

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.09.2019

I samband med ei aktuell sak har Fylkesmannen i Rogaland bedt dei forskjellige myndigheitane som har delegert oss høve til å gje fritak frå teieplikt om tolkingsuttale.

Problemstillinga i saka var om Fylkesmannen i Rogaland hadde høve til å frita tilsette frå eit anna fylke frå teieplikta. Arbeids- og sosialdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet ved Helsedirektoratet, Justis- og beredskapsdepartementet og Kunnskapsdepartementet ved Utdanningsdirektoratet har alle konkludert med at fylkesmannen si kompetanse gjeld tilsette i eige fylke. Vernetinget har ikkje betydning for fylkesmannen si kompetanse.

Kommunal- og moderniseringsdepartement har samordna og summert dei forskjellige uttalene i brev av 13.08.2019. Brevet finn du i høgremargen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.