Ny salærsats for advokatar mv. i straffesaker og i rettshjelpssaker og nye stykkprissatsar for medisinsk sakkunnige

Frå Statens sivilrettsforvaltning har Fylkesmannen i Rogaland fått melding om at det er tre endringar på salærfeltet som tre i kraft 1. januar 2017.

 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.01.2017

1) Den offentlege salærsatsen er endra til kr. 1020. Salæret skal fastsetjast etter den timesatsen som gjaldt då oppdraget blei avslutta, jf. Justisdepartementet sitt rundskriv 12/2016 (Sjå lenke i høgremargen).

2)  Salær for reise og fråvær er endra til halvparten av salærsatsen, jf. salærforskrifta § 8 anna ledd. I følgje opplysningar frå Justis- og vernebuingsdepartementet får endringa ikkje verknad der oppdraget er påbegynt eller oppnevninga er gjennomført før 1. januar 2017.

 3) Salærforskrifta § 2 fyrste ledd er også endra slik at sakkunnige som har stilling i det offentlege skal godtgjerast med 4/5 av den offentlege timesatsen. Sakkunnige som har stilling i det offentlege blir likevel godtgjort med full salærsats dersom dei kan dokumentere utgifter til kontorhald og sjølvpensjonering som utgjer minimum 1/3 av næringsinntekta. I følgje Justis- og vernebuingsdepartementet får heller ikkje denne endringa verknad der oppdraget er påbegynt eller oppnevninga er gjennomført før ikrafttredelsen.

Det er også gjort endringar i rettshjelpforskrifta § 2-1 slik at maksimal eigendel i frie sakførslesaker blir auka frå 5 til 8 timar. I tillegg er rettshjelpforskrifta 3-4  endra slik at det i utgangspunktet skal innvilgast stykkpris i alle saker, også i saker der det gis økonomisk dispensasjon.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.