Fri rettshjelp: Fylkesmannen skeptisk til lovendringar

Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring fleire forslag til endring av lovverket som regulerer høvet til fri rettshjelp. Fylkesmannen i Rogaland har innvendingar mot fleire av forslaga.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.07.2016

Fylkesmannen i Rogaland meiner forslaga gjer det vanskelegare for dei som treng det å få fri rettshjelp. Det er likevel positivt at departementet foreslår ei oppmjuking av dispensasjonspraksisen. Dagens praksis gir for mange med svak økonomi eit svært dårleg resultat.

Færre får kvalifisert hjelp

Inntektsgrensene for fri rettshjelp har vore uendra sidan 2009. Dermed fell fleire og fleire utanfor rettshjelpsordninga gjennom heilt normal løns- og pensjonsauke. Fylkesmannen er av den klare oppfatninga at når rettshjelpsforskrifta skal endrast, bør også inntektsgrensene justerast. Det er ikkje nok å mjuka opp dispensasjonspraksisen. Slik framlegget nå ligg føre, kan det bety ei innstraming av ordninga med fri rettshjelp. Konsekvensen er då at endå færre med reelt behov for juridisk bistand får nødvendig, kvalifisert hjelp. Dette er ikkje i tråd med føremålet i rettshjelpslova.

Du finn heile uttalen til Fylkesmannen i Rogaland som vedlegg til nettsaka.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.