Enkeltvedtak om rett til grunnskoleopplæring for vaksne

Fleire kommunar som har grunnskoleopplæring for vaksne opplever at nokre deltakarar ønskjer ein annan progresjon enn kommunen finn forsvarleg. Dette gjeld også for deltakarar i forsøket med modulstrukturert opplæring på nivået under vidaregåande opplæring. Fleire av lov- og forskriftskrava i opplæringslova gjeld i forsøket, mellom anna kravet om at det skal fattast enkeltvedtak etter § 4A-1.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.06.2021, Sist endret 21.06.2021

Når kommunen avgjer om ein vaksen har rett til grunnskoleopplæring skal det fattast eit enkeltvedtaket etter § 4A-1. I Rundskriv Udir-3-2012 , sist oppdatert 16.09.2020, står det at ein i denne vurderinga skal ta omsyn til søkarens subjektive vurdering av kvifor han/ho har behov for grunnskoleopplæring. Denne vurderinga skal inngå som eit moment i ein heilskapsvurdering av om den vaksne har rett til grunnskoleopplæring.

Innhaldet i enkeltvedtaket

Om søkaren blir innvilga rett, skal enkeltvedtaket seie noko om kva slags opplæring den vaksne skal ha. Til dømes kva fag ein skal få opplæring i, plassering på modul eller nivå, korleis progresjonen skal vere, om faga skal takast parallelt, eller i ei rekkefølge. Vidare skal enkeltvedaket innehalde ei vurdering om den vaksne skal ha særskilt språkopplæring, og eventuelt i kva omfang. Eit viktig grunnlag for innhaldet i vedtaket er samtale med den vaksne, nødvendige kartleggingstestar og eventuell realkompetansevurdering. Dersom den vaksne ønsker ein annan progresjon eller eit anna innhald enn kommunen finn forsvarleg, må kommunen gjere ei heilskapleg vurdering og ta stilling til dette i vedtaket.

Spesialundervisning

Det kan også vere aktuelt å gje rett til spesialundervisning. Då kan kommunen samle både retten til opplæring og retten til spesialundervisning i same dokument. Men det må kome fram at det er to separate enkeltvedtak med klagerett på kvart av dei.

Tilpassa opplæring

Ein sentral del av vaksenretten er at opplæringa skal tilpassast den enkelte sitt behov. Det skal takast omsyn livssituasjonen og opplæringa må organiserast i tråd med denne . Opplæringa skal også være tilpassa ut frå evner og føresetnader, jf. § 4A-12. Sjølv om det er viktig å gi eit opplæringstilbod som er tilpassa den enkelte, kan kommunen ta økonomiske og organisatoriske omsyn i vurderinga av kva opplæringstilbod som skal gis. Den vaksne har ikkje rett til å få eit ein-til-ein-tilbod eller eit opplæringstilbod i ei lita gruppe.

Rett til å klage på enkeltvedtaket

Dersom den vaksne ikkje er einig i vedtaket, kan han/ho klage. Statsforvaltaren er klageinstans. Det kan klagast både på vedtak om rett/ikkje rett, spesialundervisning, særskilt språkopplæring og anna innhald.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner