Godkjenning av vidaregåande opplæring i utlandet

Kva reglar gjeld og kven godkjenner vidaregåande opplæring i utlandet?

Utdanningsdirektoratet har fått fleire spørsmål om godkjenning av vidaregåande opplæring i utlandet, spesielt om fellesfaga framandspråk og geografi. Kva reglar gjeld og kven godkjenner opplæring i utlandet?

Elevar i studieførebuande utdanningsprogram må ha fellesfaga framandspråk og geografi for å få vitnemål. Framandspråk og geografi må anten vere godkjend frå opplæring i utlandet eller bestått i Norge.

Elevar på Vg2
Elevar som har hatt opphald i utlandet skoleåret 2012/2013 må oppfylle krava til vitnemål, på lik linje med andre elevar.

Elevar på Vg3
Elevar som går Vg3 skoleåret 2012/2013 og tidligare har fått godkjend eit opplæringsår i utlandet, kan søkje om dispensasjon frå krava til vitnemål.

Les mer om dette, mellom anna om korleis Fylkeskommunen søkjer om dispensasjon

Kontaktpersoner