Presisering i reglar om tilskott til private barnehagar

Fylkesmannen har sendt fleire spørsmål til Utdanningsdirektoratet om forståinga av enkelte reglar om tilskott til private barnehagar i forskrift om likeverdig behandling. Eit av spørsmåla gjeld ei endring i det nye rundskrivet.

Presiseringane gjeld følgjande spørsmål:

  • Om barnehagar som i løpet av året får eit kostnadsnivå som er minst 25 % høgare enn gjennomsnittet av dei kommunale barnehagane skal haldast utanfor tilskottsutrekninga
  • Kor mange etterjusteringar kommunen kan gjera gjennom året når kommunen endrar budsjettet i dei kommunale barnehagane
  • Om vertskommunen til barn frå andre kommunar kan krevje refusjon frå bustadkommunen for ekstra tilskott utover tilskott etter reglane i forskrifta

Dyre kommunale barnehagar i løpet av året

Kommunen kan etter reglane i forskrifta § 4, første ledd halde utanfor tilskottsutrekninga kommunale barnehagar som har 25 % høgare driftskostnader enn gjennomsnittet av alle dei kommunale barnehagane. Spørsmålet var kva som skjer når ein barnehage som ikkje var så mykje dyrare ved den opphavlege fastsettinga av tilskott ut frå budsjett, vert 25 % dyrare gjennom året.

Svaret frå Utdanningsdirektoratet er at slike barnehagar ikkje kan tas ut av grunnlaget for tilskott. Det er berre dei barnehagane som var tatt ut av tilskottsgrunnlaget ut frå budsjett ved den opphavlege utrekninga av tilskottet som også skal takast ut ved etterjusteringar gjennom året og ut frå årsrekneskapen.

Etterjusteringar gjennom året

I merknadane til § 8, andre ledd i det førre rundskrivet gjekk det fram at kommunar som i løpet av året endrar tildelinga til ordinær drift i dei kommunale barnehagane skal gjere ein etterjustering for dei ikkje-kommunale barnehagane gjennom året. "Ein" har Fylkesmannen tolka til å væra berre ein, og ikkje fleire. I tilsvarande merknader i det nye rundskrivet lyder slik:

Kommuner som i løpet av året gir bevilgningsendringer til ordinær drift i kommunale barnehager i løpet av året, må samme år fatte vedtak om etterjustering av tilskudd til ikke-kommunale barnehager.

Vårt spørsmål var om kommunen no kan gjere fleire etterjusteringar; ikkje berre ein.

Det er no stadfesta av Utdanningsdirektoratet at kommunen kan gjere så mange etterjusteringar gjennom året som dei måtte ønskje:

Det er ikke slik at kommunene er hindret i å fatte flere enn ett vedtak om etterjustering grunnet bevilgningsendring. Vi kan ikke se at det er noen hjemmel for å begrense kommunenes anledning til å fatte flere vedtak etter andre ledd.

Formålet med justeringen etter andre ledd, er å sørge for en raskest mulig justering av tilskuddet, og sørge for en minst mulig differanse når etterjusteringen etter regnskapet skal foretas. For å oppnå dette er det en fordel om kommunen fortløpende fatter vedtak om justering på bakgrunn av bevilgningsendringer, og at vedtakene fattes uten ugrunnet opphold.

Direktoratet viser her til forvaltningslova sine reglar for saksbehandlingstid ved enkeltvedtak, og seier at kommunen skal ha ei god grunngjeving viss kommunen ventar til slutten av året med å gjera nytt vedtak når tildelinga til dei kommunale barnehagane vert endra.

Refusjon av ekstra tilskott

Kommunar som har barn i private barnehagar som er busett i andre kommunar kan etter forskrifta § 11 krevje refusjon frå bustadkommunen til barnet. Spørsmålet var om kommunen kan krevje refusjon også for ekstra tilskott utover reglane i forskrift om likeverdig behandling. Bakgrunnen for spørsmålet var ein kommunen som hadde ei fast ordning for ekstra tilskott etter særskilde vilkår, men det ekstra tilskottet var ikkje med i grunnlaget for ein høgare tilskottsandel.

Utdanningsdirektoratet svarar at refusjonen skal gjerast ut frå dei nasjonale satsane og tilskottsandelen i den barnehagen barn får andre kommunar faktisk går. Direktoratet seier:

Dersom kommunen gir et enkeltbeløp til en eller flere ikke-kommunale barnehager ut over det de har krav på etter forskriften, omfattes ikke et slikt ekstratilskudd nødvendigvis av forskriften. Vertskommunen vil i så fall heller ikke kunne kreve denne delen av tilskuddet refundert.

For å kunne avgjøre om de ekstra midlene er en del av det ordinære tilskuddet eller er et særskilt ekstratilskudd, er det viktig at kommunen ved tildelingen skiller og synliggjør hva barnehagene har rett på etter forskriften, og hva barnehagene får som ekstra tilskudd det året. Kommunen må også vise til hvilke forhold som begrunner det ekstra tilskuddet.

Direktoratet viser til at det avgjerande er om ekstra tilskott ikkje vert omfatta av forskrifta og derfor heller ikkje skal være med ved utrekninga av barnehagen sin tilskottsandel. Det er også viktig å sikre likebehandling av dei private barnehagane i kommunen ved at kommunen ved tildeling av ekstra tilskott nyttar same vilkåra overfor alle.

Kontaktpersoner