Klagesaker økonomisk likeverdig behandling i 2010

Fylkesmannen ønskjer å spreie kunnskap om utfall av klagesaker når det gjeld økonomisk likeverdig behandling av private barnehagar i forhold til offentlege tilskott.

Fylkesmannen har behandla i alt 10 klagesaker i 2010. I fire av desse sakene vart vedtaket oppheva og sendt tilbake til kommunen for å gjere nytt vedtak. Fylkesmannen stadfesta kommunen sitt vedtak i fem av sakene, og i ein av sakene omgjorde Fylkesmannen sjølv sitt vedtak etter ei avklaring i departementet. Departementet konkluderte at kommunen sine utgifter til lærlingar ikkje skulle være med i grunnlaget for tilskott til dei ikkje-kommunale barnehagane. Fylkesmannen hadde tatt dei med i grunnlaget i det første vedtaket.

På slutten av året er det tre saker som ikkje er ferdig behandla. I ein sak ventar vi på ei avklaring i departementet på kva for krav som kan stillast til kommunen sin budsjettering av foreldrebetaling. I ei anna sak har vi bedt barnehageeigar om fleire opplysningar i samband med vurdering av avkorting av tilskottet. Den siste saka er ny og blir behandla i 2011.

For å sjå dei sakene Fylkesmannen behandla ferdig i 2010, følg lenkja i menyen til høgre. Fylkesmannen vil heretter leggja ut sakene etter kvart som dei blir ferdig behandla.