Klagesaker likeverdig behandling 2011 og 2012

Fylkesmannen har fram til utgangen av 2012 mottatt 30 klagesaker etter det nye regelverket om likverdig behandling gjeldande frå 1.1.2011. Klagene kjem frå 8 av dei 19 kommunane i Rogaland som har private barnehagar. Halvparten av klagesakene kjem frå ein kommune.

Fylkesmannen har gjort vedtak i 22 saker, medan 8 saker vert avgjort i 2013.

I 17 av dei 22 sakene vart kommunen sitt vedtak stadfesta. Barnehagen fekk derfor ikkje medhald. I fem av sakene vart vedtaket oppheva, og saken sendt attende til kommunen til ny behandling.

Tema i klagene var manglar i eller manglande dokumentasjon, kostnader som ikkje var med i tilskotsgrunnlaget, ikkje forklart avvik i forhold til rekneskapstal i KOSTRA, for lågt tilskot til å halda fram med drifta i barnehagen, uklart kostnadsgrunnlag, lite truverdig budsjett, feil i utrekning av tilskot og reduksjon av tilskot på grunn av store endringar i aktiviteten.

I menyen til høgre kan de finna Fylkesmannen sitt vedtak i dei sakene som var ferdige i 2011 og 2012 etter dei nye reglane.