Lovendring i introduksjonslova

Endringane gjeld moglegheit for permisjon frå programmet, rettleiing om programmet og ansvar for å starte opplæringa og fritak for opplæring i samfunnskunnskap.

Stortinget har behandla tre endringar i introduksjonslova. Endringane vil tre i kraft 1. januar 2016

 

Permisjon 

Det skal vere mogleg å få permisjon frå introduksjonsprogrammet ved tilbod om arbeid. Det vil gi den einskilde tryggleik i den fyrste sårbare perioden i arbeidslivet, og moglegheit for å gå tilbake om erfaringa frå arbeidslivet er at vedkomande treng meir grunnleggande erfaring.

 

Kommunen sine pliktar

Initiativet til å starte opplæringa blir overførte frå den einskilde til kommunen. Dermed blir kommunane si plikt til rettleiing om rettar og pliktar den einskilde har til opplæring skjerpa.

  

Fritak frå samfunnskunnskap

Den einskilde deltakaren må dokumentere kunnskap om samfunnet for å få fritak frå plikt til opplæring i 50 timar samfunnskunnskap. I dag er det mange som søkjer og får fritak frå plikt til opplæring i samfunnskunnskap fordi dei er komne på eit nivå der dei skal ha tilstrekkeleg kunnskap i norsk. Dette er uheldig fordi dei då ikkje får den viktige lærdomen frå samfunnskunnskap som ein del av norskopplæringa.

Kontaktpersoner