Introduksjonsordninga: Vidaregåande opplæring som tiltak i introduksjonsprogrammet

Nå kan deltakarar i introduksjonsordninga få vidaregåande opplæring på fulltid i introduksjonsprogrammet.
Nå kan deltakarar i introduksjonsordninga få vidaregåande opplæring på fulltid i introduksjonsprogrammet.

Frå og med skoleåret 2016/2017 kan vidaregåande opplæring på fulltid inngå som tiltak i introduksjonsprogrammet. Regjeringa uttaler at: "de vil auke bruken av grunnskoleopplæring og videregående opplæring i introduksjonsprogrammet", jf. Meld. St. 16 (2015-2016) Fra utenforskap til ny sjanse. Samordnet innsats for voksnes læring.

Vidaregåande opplæring på heiltid i introduksjonsprogrammet

Stortingsmeldinga seier vidare at "Begrensningen om at kun deler av videregående opplæring kan inngå, er fjernet. Det legges dermed til rette for at større deler av videregående opplæring eller videregående opplæring på hel- eller deltid kan inngå i programmet for deltakere som har rettigheter til det og kan ha utbytte av det. Dette skal bidra til å styrke den enkeltes muligheter for stabil tilknytning til arbeidslivet."

På grunn av denne endringa har ordlyden i "grunnleggende kvalifisering" i introduksjonsloven § 2 fått ein utvida forståing. Det inneber at personar som går i vidaregåande opplæring på heiltid framleis kan ha behov for grunnleggjande kvalifisering og dermed rett og plikt til introduksjonsprogram.

Utvida personkrets

Ein kan med andre ord sei at endringa har medført ein utviding av målgruppa for programmet. I tillegg har endringa medført at terskelen for å stanse introduksjonsprogrammet på grunn av deltaking i vidaregåande opplæring har blitt høgare. Det skal meir til for å kunne stanse introduksjonsprogrammet med denne grunngjevinga. Sjølvsagt etter ei konkret individuell vurdering, kor ein må sjå på målsettinga i den individuelle planen samt formålet med introduksjonsprogrammet .