Introduksjonsordninga: Nye malar for individuell plan

Alle deltakarar i introduksjonsprogrammet og norskopplæringa skal ha ein individuell plan. Planen skal seie noko om kva hovudmål og delmål deltakaren har for programmet, og kva aktivitetar og tiltak deltakaren kan nyttiggjere seg av. Kommunen og deltakaren må utarbeide planen i lag.

IMDi har saman med departementet og fylkesmennene utarbeidd eigne malar for individuell plan. Det er ikkje eit krav at kommunane skal nytte seg av desse malane, men Fylkesmannen vil tilrå å bruke dei.

Det har også blitt laga informasjonskriv til kommunane for utarbeiding av individuell plan. Informasjonskrivet til deltakarane er tilgjengelig på fleire språk.