Introduksjonsordninga: Kva skal kommunen gjere når deltakaren må sone ein dom?

Innsatte i fengsel har i utgangspunktet dei same rettane til tenester og tilbod som resten av befolkninga. Sjølv om ein deltakar i introduksjonsprogrammet må sona ein dom, kan deltakaren ha rett til å fortsetje i introduksjonsprogrammet.

Viss deltakaren vert fengsla før start i introduksjonsprogrammet, kan kommunen fatte vedtak med starttidspunkt fram i tid. Introduksjonsprogrammet kan starte når soningsforholda tillet fulltidsprogram eller etter endt soning.

Har deltakaren allereie starta i introduksjonsprogrammet og må sone ein dom, må kommunen endre innhaldet i den individuelle planen og starte eit samarbeid med Kriminalomsorga for tilrettelegging av programmet. Viss det ikkje lar seg gjere med tilrettelegging, kan kommunen stanse introduksjonsprogrammet etter introduksjonslova § 7.

Tilrettelegginga gjeld også for personar som har rett og plikt til norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova § 17.