Introduksjonslova: Utvida rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap § 17

Stortinget har vedteke at plikta for opplæring i norsk og samfunnskunnskap gjeld også for personar mellom 55 og 67 år. Endringa trådde i kraft 1. januar 2017.

Introduksjonslova § 17 regulerer kven som har rett og eller plikt til delta i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap. Utlendingar mellom 16 -55 år, med opphaldsløyve som dannar grunnlaget for permanent opphaldsløyve eller kollektiv vern, har rett og plikt til å delta i opplæringa. Dei mellom 55 og 67 med opphaldsløyve som dannar grunnlaget for permanent opphaldsløyve eller kollektivt vern har rett, men ikkje plikt til å delta.

Stortinget har no bestemt at også personar mellom 55 og 67 år skal ha rett og plikt til å delta.

Frå 1. januar 2017 er det eit krav om å ha bestått prøve i samfunnskunnskap på norsk for å få norsk statsborgarskap.