Introduksjonslova: Kva fristar gjeld for opplæring i norsk og samfunnskunnskap når opphaldsløyvet etter utlendingslova vert kalla tilbake?

Når ein person har hatt eit opphaldsløyve som har gitt rett og / plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, men opphaldsløyvet har blitt kalla tilbake, og personen får nytt opphaldsløyve -kva gjeld då av fristar for vidare opplæring i norsk og samfunnskunnskap?

Justis- beredskapsdepartementet har gitt Integrerings- og mangfaldsdirektoratet ei avklaring på spørsmålet. Viss personen får nytt opphaldsløyve som gir rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, er kommunen plikta til å gi opplæring. Fristen for rett til deltaking i opplæringa vert rekna frå då første opphaldsløyvet blei gitt.

Dei timane som allereie er registrert i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR) vil bli rekna med når personen startar opp med vidare opplæring. Dei vert og teken med i berekninga om personen har fylt si plikt etter introduksjonslova, og fylt krava for permanent opphaldsløyve og statsborgarskap.

Viss personen får nytt opphaldsløyve som ikkje gir rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, har personen ikkje rettar etter introduksjonslova og kommunen er ikkje plikta til å gi korkje introduksjonsprogram eller opplæring i norsk og samfunnskunnskap.