Skulane må planlegge for ny smittetopp

Alle skular bør ha ein skriftleg plan for korleis dei organiserer opplæringa etter nivået på smitte i befolkninga.

Folkehelseinstituttet har laga ei trafikklysmodell med grønt, gult og rødt nivå, som viser kva for smitteverntiltak skulane skal følgje. Det er den generelle smittesituasjonen i landet som avgjer kva for nivå ein følger, og vi er i dag på gult nivå. Det kan komme nye smittetoppar lokalt/regionalt og då kan vi komme i ein situasjon der lokal smittevernmynde må ta avgjerder om lokalt tiltaksnivå.

Når skulane startar opp igjen til hausten, må kommunane ha ein plan for korleis skulane skal gi opplæring på alle dei tre tiltaksnivåa for å sikre forsvarleg drift. Desse kontinuitetsplanane bør vere skriftlege, blant anna for å hindre at dei blir personavhengige, og dei skal bidra til at skulane kjem raskt i gang med opplæringa etter eit skifte i tiltaksnivå.

Skulane er ulikt organisert, har ulik storleik, romløysing, og ute- og inneareal. Kvar skule bør derfor ha ein eigen plan for korleis dei skal organisere seg for kvart av tiltaksnivåa.