Særskilte behov og spesialundervisning i skolen

Alle elevar i grunnskole og vidaregåande skole skal få tilpassa opplæring. Det vil seie at skolen og læraren har plikt til å leggje til rette og tilpasse opplæringa for den enkelte så langt det lar seg gjere innanfor den ordinære opplæringa.

Når ein elev treng tilrettelegging og oppfølging ut over tilrettelegging innan ordinær opplæring, kan eleven ha rett til spesialundervisning.   

Tilpassa opplæring

Alle elevar i grunnskole og vidaregåande skole skal få tilpassa opplæring. Det vil seie at skolen og læraren har plikt til å leggje til rette og tilpasse opplæringa for den enkelte så langt det lar seg gjere innanfor den ordinære opplæringa. Skolen skal ta utgangspunkt i eleven sin evner og forutsetningar. Skolen skal verdsette et læringsmiljø som tar omsyn til variasjonar. Det er viktig at alle elever møter utfordringar dei kan meistre og utvikle seg etter. Du kan lese meir på Udir sine sider:

https://www.udir.no/laring-og-trivsel/tilpasset-opplaring/hva-er-tilpasset-opplaring/

Intensiv opplæring 1.-4 årstrinn

Skolen skal sørge for at elevar på 1. – 4 årstrinn som står i fare for å bli hengjande etter i lesing, skriving eller rekning, raskt får tilbod om intensiv opplæring. Ein kort periode kan skolen gi eineundervisning. Omsyn til barnets beste må tale for tiltaket skolen vel.  Intensiv opplæring krev ikkje sakkunnig vurdering frå PPT. Du kan lese meir på Udir:

https://www.udir.no/laring-og-trivsel/tilpasset-opplaring/intensiv-opplaring/

Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)

Elevar som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og har behov for ASK, skal få nytte eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa. Dei har både rett på opplæring i ASK og rett til å gjere bruk av ASK i opplæringa. ASK er heimla i Opplæringslova §2-16.

 

Det fysiske miljøet i skolen

Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira. Skolen skal innreiast slik at det blir teke omsyn til dei elevane ved skolen som har funksjonshemmingar (jf. § 9A-7). Skolen skal ikkje berre sjå på arbeidsplassen i snever forstand. Skolen må innrettast slik at elevar ikkje møter funksjonshemmande barrierar i nokon del av skolemiljøet (jf. § 9A–2 tredje ledd).  Sjå opplæringslova § 9 A-7 (Lovdata) .

Trygt og godt skolemiljø

Alle elevar har rett på eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring jf. §9A-2. Dette gjeld også for elevar med særskilte behov/ spesialundervisning etter kap. 5. Skolen har eit skjerpa ansvar for særskild sårbare elevar. Du kan lese meir om retten til trygt og godt skolemiljø og skolen si aktivitetsplikt her https://www.udir.no/regelverkstolkninger/opplaring/Laringsmiljo/skolemiljo-udir-3-2017/6.-hva-skal-skolen-gjore-aktivitetsplikten/.

https://www.udir.no/laring-og-trivsel/skolemiljo/informasjon-til-foreldre/

Elevar har skoleplikt i Norge frå det året dei fyller 6 år. Skoleplikt inneber at skolen tek over omsorgsonsvaret for elevane medan dei er på skolen. Skolen må derfor dekke dei omsorgsbehov elevar med særskilte behov måtte ha medan dei er i skolen. Du kan lesa meir om skolen sitt ansvar for elevar med omsorgsbehov på Udir sine sider https://www.udir.no/regelverkstolkninger/opplaring/Skoleeiers-ansvar/Skolens-ansvar-for-eleversom-har-behov-for-helse--og-omsorgstjenester-i-skoletiden

Spesialundervisning

Når ein elev treng tilrettelegging og oppfølging ut over det ordinære, kan eleven ha rett til spesialundervisning.  Spesialundervisninga kan handle om:

  • individuell tilrettelegging og oppfølging av lærar/ spesialpedagog
  • assistentstøtte
  • nødvendig utstyr og læremidlar
  • ein bestemt type organisering
  • særskilt kompetanse hos den/dei som skal gjennomføre opplæringa t.d. ASK- kompetanse. 

Skolen har plikt til å kartlegge elevane regelmessig for å sjå om dei har lært det dei skal (forsvarleg utbytte av opplæringa). Når lærar eller foreldre oppdagar elevar med fagvanskar, skal lærar varsle rektor. Skolen har plikt til å vurdere og prøve ut tiltak innanfor det ordinære for å sjå om det kan hjelpe på vanskane slik at eleven får eit forsvarleg utbytte av opplæringa.

Når skolen finn at dei ikkje klarer å hjelpe eleven innanfor det ordinære, skal eleven visast til PP-tenesta. Foreldre må samtykke til dette. Når eleven er over 15 år, er det han/ho som må samtykke.  

PP-tenesta og sakkunnig vurdering

PP-tenesta skal greie ut eleven sine vanskar og vurdere om han/ho har rett til spesialundervisning. Utgreiinga skal gjerast i ein rapport som kallast sakkunnig vurdering. Opplæringslova stiller krav til kva den sakkunnige vurderinga skal innehalde, mellom anna i kva fag/timar/omfang eleven treng spesialundervisning, kva innhald undervisninga skal ha og korleis den skal organiserast (jf. §5-3). Dersom det finst utgreiingar frå andre instansar som til dømes BUP, skal PPT ta omsyn til dette i si vurdering.  

Både skolen og PP-tenesta har plikt til å involvere foreldra og eleven i denne prosessen og meiningane deira skal vektleggjast. 

Sakkunnig vurdering er å rekne som saksutgreiinga for vedtak om spesialundervisning.

Enkeltvedtaket

Eit vedtak om spesialundervisning skal slå fast kva den individuell retten inneber. Vedtaket skal klart og tydeleg vise kva opplæringstilbod eleven har rett til, m.a. fag, timar, innhald, organisering av spesialundervisninga og kva kompetanse som er nødvendig hos den/dei som skal gi opplæringa. Vedtaket må vere i samsvar med det PPT tilrår i sakkunnig vurdering. Dersom vedtaket ikkje er i samsvar, krevst det ei særleg grunngjeving i vedtaket. Denne skal vise korleis skolen likevel skal ta i vare eleven sitt behov for spesialundervisning.

Individuell opplæringsplan ( IOP)

Når rektor har fatta vedtak om spesialundervisning, skal skolen lage ein individuell opplæringsplan (IOP). Planen skal vere i samsvar med vedtaket om spesialundervisning og kan ikkje innehalde meir eller noko anna/andre fag enn det som står i vedtaket. Planen skal vise kva mål i faga eleven skal jobbe mot, korleis opplæringa skal organiserast og korleis vurderingsarbeidet skal gjerast. Elevar med spesialundervisning har rett til vurdering på lik linje med andre elevar, og dei skal vurderast etter måla i IOP. Foreldra kan bestemme om ein elev skal fritakast frå vurdering med karakter i dei faga eleven har IOP. Dersom foreldra vel at eleven skal ha karakter, skal eleven få vurdering etter ordinære mål.

Årsrapport

Skolen skal utarbeide ein skriftleg årsrapport ein gong i året. Årsrapporten skal vise kva opplæring eleven har fått og gi ei vurdering av korleis eleven har utvikla seg opp mot måla i IOP.

Klagerett

Foreldre kan klage på vedtaket om spesialundervisning. Klagefrist er 3 veker. Informasjon om klagerett og saksgang ved klage skal stå i vedtaket.

Foreldre kan også klage dersom spesialundervisninga ikkje er gjennomført slik det er slått fast i vedtaket. Her er det ikkje klagefrist.

Ein klage på vedtak om spesialundervisning eller manglande gjennomføring av spesialundervisninga, skal sendast til rektor på skolen. Klagen blir først behandla av rektor/kommunen. Dersom klagar får medhald, skal dei få skriftleg melding om dette og forholda dei har klaga på må rettast opp. Dersom klagar ikkje får medhald, skal klagen sendast til Fylkesmannen for endeleg behandling.    

Meir informasjon om spesialundervisning

Utdanningsdirektoratet har laga informasjon om spesialundervisning til foreldre. Informasjonen er også utarbeidd på mange språk.