Klage på karakter i grunnskolen

Elevar har rett til å klage på  standpunktkarakter og eksamenskarakter. Er du elev i grunnskolen finn du her informasjon om korleis du kan klage, kva du kan klage på og kven som kan klage

Klage på standpunktkarakter i fag og orden og åtferd

Ein standpunktkarakter er ein karakter som du får når du avsluttar eit fag.  Denne karakteren skal førast på vitnemålet ditt. Du som er elev eller føresette kan klage på ein standpunktkarakter. Du kan lese meir om korleis du kan klage, kven som kan klage, og kva du kan klage på i UDIR sin rettleiar om handsaming av klage på standpunktkarakter i fag.

Du skal sende klagen din til skolen. Rektor ber faglærar skrive ei grunngiving for karaktersetjinga. Saman med grunngivinga og ei fråsegn frå rektor om skolen si sakshandsaming, blir klagen send til Fylkesmannen i Rogaland. Fylkesmannen avgjer om du skal få ny vurdering eller ikkje.  NB. Linken til elektronisk skjema for innsending skal skolen nytte når dei sender klagen vidare til Fylkesmannen.

Ved klage på standpunktkarakter i orden eller i åtferd skal kontaktlærar og rektor kome med grunngjeving for karakteren. Sjå rettleiar for meir informasjon. Der eleven får medhald i klagen set Fylkesmannen ny karakter.

Klage på eksamenskarakter

Dersom du vil klage på ein eksamenskarakter etter skriftleg eksamen skal rektor sjå til at du får tilgang til eksamenssvaret ditt. Ei klagenemnd med tre personar, som ikkje jobbar på skulen, skal vurdere eksamenssvaret ditt på nytt. Klagenemnda kan behalde karakteren, eller sette ny karakter som kan vere høgare eller lågare.

Etter munnleg eksamen kan du berre klaga på formelle feil som har hatt innverknad på karakteren. Rektor, sensor og faglærar skal kome med uttale og skolen skal sende klagen inn til Fylkesmannen. Ein kopi skal sendast til deg slik at du får innsyn i kva rektor, sensor og faglærar har uttalt. Om Fylkesmannen gjev deg medhald så vert karakteren annullert, og du kan trekkjast ut til ny eksamen om du ynskjer det.

Klagefrist

Du som klagar må levere klagen skriftleg til skolen innan ti dagar. Fristen byrjar å gå når karakteren er gjort tilgjengeleg. Dersom du ber om ei grunngjeving på karakteren er klagefristen å rekna som ti dagar etter du har mottatt grunngjevinga. Skolen registrer så klagen og  sender den vidare til Fylkesmannen som har ansvaret for handsaming av klagen. 

Informasjon til skolen

I klagehandsaminga ser Fylkesmannen på om skolen har følgt gjeldande regler for karaktersetting. Skolen må difor sende inn dokumentasjon som viser at det er kompetansemåla som ligg til grunn for vurderinga, at eleven er gjort kjent med desse måla og kva som blir vektlagt, og at standpunktkarakteren er basert på eit breitt vurderingsgrunnlag. Sjå meir i UDIR sin rettleiar for karakterfastsetting om korleis klagane blir vurdert og kva slags dokumentasjon skolen må hugsa å senda inn.