Høyringssvar NOU 2019: 23 Ny opplæringslov

Kunnskapsdepartementet sendte ut eit høyringsnotat 30. januar om forslag til ny opplæringslov. Eit offentleg utval, leia av Jon Christian Fløyelsvik Nordrum leverte si utgreiing NOU 2019:23 Ny opplæringslov til kunnskaps- og integreringsministeren 13. desember 2019.

Utvalet kjem med forslag til ny opplæringslov som skal erstatte gjeldande opplæringslov.  Høyringsbrev, høyringsnotat og høyringssvar frå alle høyringsinstansar er å finne på nettsidene til regjeringa. Fylkesmannen i Rogaland er samd i mange av utvalet sine forslag til endringar i opplæringslova, men vurderer det slik at konsekvensar av einskilde forslag kan utgreiast vidare. I menyen til høgre finn du Fylkesmannen i Rogaland sitt høyringssvar med kommentarar til ny opplæringslov.