Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skolen i Rogaland

Den desentraliserte ordninga skal bidra til at alle skoleigarar gjennomfører eigne kompetanseutviklingstiltak.

Fylkesmannen, skoleigarar, lokal UH (universitet eller høgskolar) og andre relevante aktørar i Rogaland, skal samarbeide for å kartleggje behov for kompetanseutvikling og planleggje utviklingsarbeidet.

 

Samarbeidsforum for desentralisert ordning i Rogaland

Samarbeidsforum for desentralisert kompetanseutvikling i Rogaland skal følgje med på om ordninga bidrar til betre læring for elevane i Rogaland.

Samarbeidsforum skal bidra til at arbeidet er føreseieleg og langsiktig, både for skoleeigar og universitet og høgskolar.

Samarbeidsforum skal årleg drøfte modell for tildeling ut frå overordna styringssignal og endringar i behova i utdanningssektoren i Rogaland.

Samarbeidsforum består av representantar frå

  • Kompetanseregionane NORD, MIDT og SØR 
  • Fylkeskommunen
  • Friskolane
  • Universitetet i Stavanger
  • Høgskolen på Vestlandet
  • Utdanningsforbundet
  • Elevorganisasjonen
  • KS
  • Fylkesmannen

Fylkesmannen leier og koordinerer samarbeidsforumet

Kompetanseregionar

Rogaland er inndelte i tre kompetanseregionar: 

  • Region NORD med kommunane Haugesund, Tysvær, Karmøy, Sauda, Suldal, Vindafjord, Utsira og Karmøy
  • Region MIDT med kommunane Stavanger, Sola, Randaberg, Strand og Hjelmeland,
  • Region SØR med kommunane sandnes,, Forsand, Klepp, Time. Hå. Eigersund, Lund, Bjerkreim og Sokndal.

I tillegg har friskolane eige nettverk og Rogaland fylkeskommune kjem med i ordninga i 2019-2020

Alle regionane har ei styringsgruppe og eiga arbeidsgruppe.

Du finn deira planar i høgremenyen.

Bakgrunn for ordninga

Nasjonale satsingar har ikkje gitt nok rom for å tilpassa satsingane lokalt. Den desentraliserte ordninga skal bidra til at alle skoleeigarar gjennomfører eigne kompetansetiltak i samarbeid med universitet og høgskolar. Det gir skoleeigarane hovudansvaret og eit stort handlingsrom i å nå dei overordna sektormåla

  • Elevane skal ha eit godt og inkluderande læringsmiljø
  • Elevane skal meistre grunnleggande dugleikar og ha god fagleg kompetanse
  • Fleire elevar og lærlingar skal gjennomføre vidaregåande opplæring.

 

Les meir om ordninga på nettstaden til Utdanningsdirektoratet

Les meir om kunnskapsgrunnlaget for ordninga i NOU 2014:7 Elevenes læring i fremtidens skole