Avlyst eksamen førte til fleire grunnskolepoeng

Grunnskulepoeng auka i snitt med 1,2 poeng siste skuleår. I Rogaland var auka på 1,1 poeng, som er den største auka nokosinne.

Grunnskulepoeng er basert på gjennomsnittet av alle standpunktkarakterane, samt skriftleg og munnleg eksamenskarakter. Jenter har i snitt fleire grunnskulepoeng enn gutar, dei får både betre standpunktkarakterar og betre karakterar på skriftleg- og munnleg eksamen. På grunn av avlyste eksamenar, bestod grunnskulepoeng i vår berre av standpunktkarakterar. Elevane sine standpunktkarakterar auka i nær alle fellesfaga siste år.

Både gutar og jenter fekk i vår fleire grunnskulepoeng enn året før, men gutane auka mest. Gutane sine grunnskulepoeng auka med 1,3 poeng, mens jentene auka med 1,1 på landsbasis og 0,9 i Rogaland. Dette har ført til den minste kjønnsskilnaden i grunnskulepoeng i Rogaland på 6 år. Skilnaden i vår var 4,3 poeng i Rogaland.

Til vanleg er den skriftlege eksamenskarakteren lågare enn standpunktkarakteren i alle fag, medan det er noko større variasjonar på den munnlege eksamenen. Dei siste fem åra har jentene i snitt gjort det betre enn gutane på alle skriftlege og munnlege eksamenar.

Både gutar og jenter fekk betre standpunktkarakterar i vår enn tidlegare. Grunnskolepoenga har stort sett auka frå år til år, men har aldri auka så mykje som i år. Vanlegvis trekk eksamen karaktersnittet ned, men altså ikkje i år då eksamen vart avlyst. Verknaden av auka standpunktkarakterar og avlyst eksamen har til saman ført til den største auka i grunnskulepoeng nokosinne.