Fritak frå vurdering med karakter i faget framandspråk

Elevar i videregåande opplæring i studieførebuande utdanningsprogram som er hardt ramma av dysleksi eller spesifikke språkvanskar, kan søkje om fritak frå vurdering med karakter i faget framandspråk.

Publisert 27.03.2023

Dispensasjonen inneber at eleven får fritak frå vurdering med karakter i faget framandspråk som fellesfag. Fritaket gjeld både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering. Eleven får ikkje fritak frå opplæring i faget. Dispensasjonen gjeld ikkje for faget engelsk.

For å kunne søkje om dispensasjon, må desse vilkåra vere oppfylte

  • Personen er eller har vært elev i videregående opplæring – studieforberedende utdanningsprogram
  • Personen er så sterkt ramma av dysleksi eller spesifikke språkvanskar at særskild tilrettelegging ikkje er tilstrekkeleg for å sikre likeverdig opplæring. Det kan gjerast individuelle vurderingar også ved andre funksjonsnedsettingar som gir likearta konsekvensar i språkfaget.

Instruksen for behandling av søknader om fritak er endra av Kunnskapsdepartementet 28.05.2020 etter en ny avgjersle i Diskrimineringsnemnda som inneber at en noko meir utvida krets av elevar kan vurderast til å få fritak.

Kva er særskild tilrettelegging?

Særskild tilrettelegging vil seie at skolen har prøvd ut ulike tiltak for eleven i faget. Ein elev med stort behov for tilrettelegging har rett til spesialundervisning.

Det betyr at du må enten ha:

  • vedtak om spesialundervisning i framandspråk frå ungdomsskolen fordi du er så sterkt ramma av dysleksi eller spesifikke språkvanskar
  • vedtak om spesialundervisning i framandspråk frå vidaregåande opplæring fordi du er så sterkt ramma av dysleksi eller spesifikke språkvanskar eller andre funksjonsnedsettingar som gir likearta konsekvensar i språkfaget.
  • ei uttale frå sakkunnige om at det er openbart at tiltak gjennom spesialundervisning i framandspråk ikkje vil føre til at du får eit tilfredsstillande utbyte av opplæringa fordi du er så sterkt ramma av dysleksi eller spesifikke språkvanskar eller liknande.

Kva inneber uttale frå sakkunnige?

Det er PPT for vidaregåande som kan vurdere rett eller ikkje rett til spesialundervisning i vidaregåande skole. Uttale frå sakkunnig vil berre vere aktuelt i dei tilfella kor eleven er så sterkt ramma av dysleksi eller spesifikke språkvanskar eller liknande at det ikkje er vits å setje i verk spesialundervisning.

Krav til dokumentasjon

  • Sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste eller andre sakkunnige.
  • Den sakkunnige vurderinga må vere ei vurdering av graden av din dysleksi/språkvanske, jf. at kravet for fritak er at du skal vere «så sterkt ramma ...».
  • Dokumentasjon frå eleven sin skole om tilrettelegginga som har eleven har fått.
  • Vedtak/fråsegn om spesialundervisning i framandspråk.

For å få fritak må språkvanskane vere så store at dei tiltaka skolen allereie har prøvd ut, ikkje hjelpte eleven. Det må sendast inn dokumentasjon som viser kva slags tiltak skolen har sett i verk, for eksempel spesialundervisning.

Eleven søkjer sjølv til Statsforvaltaren om dispensasjon. Utdanningsdirektoratet er klageinstans.

Om eleven får fritak frå karakter i framandspråk, vil eksamen bli annullert. Då må eleven søkje Statsforvaltaren i Rogaland om dispensasjon frå kravet om talet på eksamenar på vitnemålet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.