Skal vere symjedyktige etter 4. klasse

Å vere symjedyktig betyr at elevane skal falle uti på djupt vatn, symje 100 meter på magen, dykke ned og hente ein gjenstand på botnen, kvile i tre minutt medan dei flyt i vatnet og avslutte med å symje 100 meter på rygg før dei tek seg opp på land.

Publisert 24.07.2017

Obligatorisk ferdigheitsprøve

Frå skoleåret 2017-18 blir det obligatorisk for skolane å gjennomføre ei ferdigheitsprøve av symjedugleiken til elevane på 1-4 trinn.

Elevane skal:

  • falle uti på djupt vatn
  • symje 100 meter på magen
  • dykke ned og hente ein gjenstand på botnen
  • kvile i tre minutt medan dei flyt i vatnet
  • avslutte med å symje 100 meter på rygg før dei tek seg opp på land

Delprøver

Prøva inneber at elevane skal gjennomføre sju delprøver undervegs i løpet av 1.-4. trinn. Delprøvene inngår i eit pedagogisk opplegg, som går over tid. Ved å teste barna sin dugleik i symjing, er det lettare for skolen å setje inn nødvendige tiltak så tidleg som råd.

 

Ferdigheitsprøven består av følgjande sju øvingar/delprøver:

Øving 1 – vanntilvenning

Eleven står på grunt vann* og skal kunne sprute vann i ansiktet sitt 5 ganger eller øse vann over hodet med en kopp 5 ganger.

* Grunt vann menes her at vannet rekker opp til navlen.

 

Øving 2 – under vann og rytmisk pusting

Eleven står på grunt vann* og trekker pusten, bøyer knærne og dupper seg helt under vann, puster (bobler) ut luft gjennom nese og munn, kommer opp og trekker pust, dupper seg ned igjen og gjentar øvelsen fem-ti ganger.

* Grunt vann menes her at vannet rekker opp til brystet.

 

Øving 3 – hopp og dykk

Eleven skal kunne kombinere det å hoppe fra bassengkant/brygge – synke/dykke ned i ett – orientere seg under vann – hente 2 gjenstander* til overflaten.

* Gjenstandene bør ligge minst 50 cm fra hverandre

 

Øving 4 – flyt og roter

Eleven skal kunne flyte på magen og dreie over på ryggen for å flyte og puste kontrollert i minst 15 sekunder på hver side.

 

Øving 5 - gli og framdrift

Eleven skal kunne kombinere aktivitetene hoppe − flyte opp og puste – deretter senke seg ned under vann og sparke i fra veggen som en pil (linjeholdning) å gli minst 5 m på magen under vann uten arm og beinbevegelser – puste - gjøre krålbeinspark med armene strukket frem og ansiktet ned i vannet for 4-5 m - dreie over på ryggen – gjøre ryggbeinspark med armene langs siden eller over hodet for 4-5 m.

 

Øving 6 – framdrift

Eleven skal kunne hoppe/stupe uti på dypt vann − svømme 12,5 m på magen − skifte retning − svømme 2−3 m mot startstedet − stoppe − flyte i 30 sekunder (på magen, rull over, flyt på ryggen) − svømme på ryggen tilbake til utgangspunktet og ta seg opp på land. Alt gjennomføres i ett.

 

Øving 7 - symjedyktig

Eleven skal kunne falle uti på dypt vann. Svømme 100 m på magen og underveis dykke ned og hente en gjenstand med hendene. Stoppe og hvile (flyte på mage, rulle over, flyte på rygg) samlet i tre minutter. Deretter svømme 100 m på rygg og ta seg opp på land.

 

Tilrettelegging og fritak frå prøva

Utdanningsdirektoratet foreslår at skolen kan frita elevar frå å delta i heile eller delar av ferdigheitsprøva dersom det ikkje er mogleg å tilretteleggje prøva for dei. Tilrettelegginga av prøva kan ikkje strekkje seg så langt at eleven ikkje faktisk blir prøvd i kompetansemåla. Elevar som blir symjedyktige på eit seinare tidspunkt enn 4. årstrinn, treng ikkje å gjennomføre ferdigheitsprøva på nytt. Øvingane vil framleis vere aktuelle å bruke i symjeopplæringa som ein metode for å få informasjon om elevane sin progresjon på veg til å bli symjedyktige.

Skoleeigar sitt ansvar

Skoleeigarane vil få ansvar for at alle elevar gjennomfører ferdigheitsprøva i symjing, med unntak av elevar som får fritak frå prøva.

Skoleeigar har ansvar for at krava i opplæringslova og forskriften til lova blir oppfylte, under dette å stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for at krava skal kunne oppfyllast, jf. § 13-10 i opplæringslova.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner