Korleis går eit adoptivbarn frem for å søkja etter sine biologiske foreldre?

Den adopterte skriv eit brev til Fylkesmannen med opplysningar om namn på adoptivforeldra og når ein er fødd. Dersom ein har opplysningar om det, ønskjer fylkesmannen å vite årstalet for adopsjonen. Dersom den adopterte ønskjer kontakt med dei biologiske foreldra, bør dette stå i brevet.

Å få vite kven som er biologiske foreldre kan gi sterke kjensler både hos den adopterte og hos dei biologiske foreldra. Styresmaktene er difor pålagt eit visst ansvar for at dei biologiske foreldra får ei orientering om at deira biologiske barn ønskjer å bli kjent med opphavet sitt. Derfor gir ein dei gjerne ei frist til å uttale seg, slik at adoptivbarnet kan få vite deira haldning til spørsmålet før han eller ho får informasjon om kven som er dei biologiske foreldra. Adoptivbarnet har likevel rett til informasjon, sjølv om dei biologiske foreldra ikkje ønskjer at opplysningane vert gjort kjent.

Fylkesmannen kan ikkje gi opplysningar om andre enn dei biologiske foreldra. Førespurnad om eventuelle søsken må den adopterte sjølv få vite av sine biologiske foreldre.

Når det ikkje er mogleg å finne dei biologiske foreldra
Nokre gonger er det ikkje mogleg å finne dei biologiske foreldra. Barne-,ungdoms- og familiedirektoratet og fylkesmennene kan berre gi ut dei opplysningane som er arkiverte på saka, og dersom det ikkje finnst informasjon om dei biologiske foreldra der, kan ikkje fylkesmennene gå vidare i ettersøkinga.

Utanlandsadopterte som ønskjer hjelp til å spore opp dei biologiske foreldra sine, kan kontakte den adopsjonsforeininga som formidla adopsjonen. Adopsjonsforeiningane har m.a. informasjon om reiser tilbake til opphavslandet, kuratorteneste, og informasjon om foreiningar og nettverk for adopterte.

Kor kan ein få råd?

Ved å vende seg til Fylkesmannen i det fylket som har gitt adopsjonsbevilling.

For Rogaland: Fylkesmannen i Rogaland postboks 59, 4001 Stavanger.

Frelsesarmeen har også ei ettersøkningsteneste som kan vere til hjelp, først og fremst i innanlandsadopsjonar. Adressa er: Frelsesarmeen, Seksjon For Ettersøkelsesarbeid Postboks 6866, 0130 Oslo. Tlf. 22 99 85 00.

Saker til fylkesmannen

Det kjem inn i overkant av 30 førespurnader i året frå adoptivbarn som ønskjer å søkja etter sine biologiske foreldre. Dei fleste spørsmåla gjeld adopsjonssaker som blei gjevne før 1975. Etter 1975 blei det ein merkande nedgang i talet oå adopsjonssaker. i byrjinga av 1990-talet låg talet på saker der den adopterte søkte om opplysing av biologisk opphav, jamt over 50 i året. Fylkesmannen merkar ein nedgang i talet på spørsmål i desse sakene.

Saksbehandlingstida er ca to månader.

Kontaktpersoner