Meld frå til barnevernet

Både barn og vaksne kan melde bekymring for eit barn. For offentleg tilsette er meldeplikta lovregulert. Det er barneverntenesta sitt ansvar å finne ut om barnet eller familien treng hjelp frå barnevernet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.08.2020

Samfunnet skal verne barn mot vald, mishandling og andre former for omsorgssvikt. Det er derfor svært viktig at alle som er bekymra for eit barn, melder frå til barneverntenesta.

For at barneverntenesta skal kunne gje barn riktig hjelp til rett tid, er dei avhengige av informasjon frå andre. Både privatpersonar og offentleg tilsette kan gje opplysningar om bekymring for eit barns omsorgssituasjon eller åtferd til den kommunale barneverntenesta.

Barn

Barn kan alltid melde til barneverntenesta, anten dei sjølv har det vanskeleg heime eller dei er bekymra for andre barn. Meld frå til barneverntenesta i kommunen der du bur. Du kan finne telefonnummeret til barnevernet på heimesida til kommunen eller ringe til kommunen og be om å få snakke med barnevernet. Du kan òg ringe Alarmtelefonen 116 111. Både barneverntenesta og Alarmtelefonen vil ut frå meldinga vurdere om det er behov for akutt hjelp, og dei kan gje råd og rettleiing.

Vaksne

Alle vaksne bør melde frå til barneverntenesta viss dei er bekymra for eit barn. Bekymringsmeldinga kan vere viktig for barnet det gjeld. Det er mogleg å kontakte barneverntenesta for å drøfte saka anonymt og få råd før du melder.

Offentleg tilsette og andre som har teieplikt

Offentleg tilsette og andre yrkesutøvarar med teieplikt skal i arbeidet sitt vere merksame på om eit barn eller ein familie kan ha behov for hjelp frå ulike tenester, til dømes barnevernet.

Situasjonen treng ikkje å vere alvorleg for å utløyse retten til hjelp frå barnevernet. Det er nok at vilkåra for frivillige tiltak etter barnevernlova er oppfylt. Frivillige tiltak krev samtykke frå den eller dei som tiltaka er retta mot, altså foreldra og/eller barnet.

Ved mindre alvorleg bekymring for eit barn, bør den offentleg tilsette ha dialog med barnet og foreldra om mogleg hjelp frå barnevernet. Som offentleg tilsett, pliktar du å hjelpe barnet/foreldra vidare til barnevernet, dersom barnet og/eller foreldra ønskjer hjelp, og barnevernet er den instansen som kanskje kan hjelpe. Offentleg tilsette og andre som har teieplikt, kan derfor utan hinder av teieplikta gje opplysningar til barnevernet, der barnet og/eller foreldra ønskjer hjelp frå barnevernet og samtykker til at opplysningane vert formidla.

Opplysningsplikt

Alle offentleg tilsette og andre yrkesutøvarar med teieplikt har ei lovpålagt plikt til å melde frå til den kommunale barneverntenesta ved alvorleg bekymring for korleis eit barn har det. Opplysningsplikta gjeld når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller er utsett for andre former for alvorleg omsorgssvikt, når eit barn viser alvorlege åtferdsvanskar eller ved fare for at eit barn vert utnytta til menneskehandel, jf. barnevernlova § 6-4 andre ledd. Kravet grunn til å tru inneber at ein må ha ein konkret mistanke eller bekymring, men ein treng ikkje å vite sikkert.

Opplysningsplikta set teieplikta til side. Opplysningsplikta går framfor omsynet til personvern og tillitsforholdet til den aktuelle tenesta, og plikta gjeld uavhengig av om informasjonen har kome fram i fortrulege samtalar.

Dersom vilkåra for å gje opplysningar til barneverntenesta er oppfylte, skal du straks sende melding til den kommunale barneverntenesta. Plikta til å gje opplysningar fell ikkje bort, sjølv om du på eiga hand prøver å avhjelpe situasjonen. Opplysningsplikta er eit sjølvstendig og personleg ansvar. Det er kvar enkelt yrkesutøvar som må vurdere om dei opplysningane han eller ho har, utløyser opplysningsplikt til barnevernet.

Informasjon til barnet og foreldra

Så langt det er mogleg og dersom det ikkje er i strid med formålet, som er å avhjelpe ein situasjon som kan medføre skade for barnet, bør ein instans som til dømes skule, helsestasjon eller lege ta opp bekymringa si med barnet/foreldra. Det kan vere naturleg å kalle foreldra og barnet inn til eit møte, der dei får informasjon om kva som er grunnlag for bekymring for barnet og kva vurdering som er gjort med omsyn til opplysningsplikta. Barnet og foreldra bør få informasjon om kva barnevernet kan hjelpe familien med.

Nokre gonger kan det av omsyn til barnet vere viktig at foreldre ikkje vert informerte om at det vert sendt melding til barnevernstenesta, til dømes ved mistanke om vald eller seksuelle overgrep. I slike situasjonar kan informasjon til foreldra gjere at barnevernet eller politiet ikkje får gitt barnet eller andre tilstrekkeleg vern eller at viktig bevismateriale går tapt.

Kommunens plikt å sikre at barnevernet får viktige opplysningar

Alle offentleg tilsette skal kjenne reglane for teieplikt og ha kunnskap om plikta til å melde frå og gje opplysningar til barnevernet, slik at dei er trygge på praktiseringa av desse reglane. Kommunen har ansvar for å sikre at alle tilsette i kommunen har tilstrekkeleg kunnskap om opplysningsplikta og sikre at dei tilsette etterlever denne.

I brev 17.12.2014 oppmoda Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Barne-, likestillings og inkluderingsdepartementet alle kommunane om å gå gjennom sine rutinar for å sikre at alle tilsette i kommunen har tilstrekkeleg kunnskap om opplysningsplikta og om moglegheiten for samarbeid og kommunikasjon innanfor reglane om teieplikt. Dei påpeikte at teieplikta ikkje skal vere eit hinder for nødvendig kommunikasjon mellom tenestene for å sikre ivaretaking av barn som er eller har vore utsett for vald, mishandling eller omsorgssvikt.

Fylkesmannen minner om ansvaret kommunane har for å sikre at opplysningsplikta er kjent og at den vert etterlevd.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.