Foreldreansvar, bustad og samvær

Eit samlivsbrot fører gjerne med seg at det blir spørsmål om foreldreansvar, samvær og om kor barnet skal bu fast.

Ved samlivsbrot kan foreldra sjølv gjere avtale om foreldreansvar. Dersom foreldra ikkje blir einige, kan kvar av dei reise sak for domstolane for å få avgjord spørsmålet. Før det kan bli reist sak for domstolen, må foreldra møte til mekling. Du finn lenkje til Bufetat si side kor du kan søkje etter familievernkontor i høgremargen på denne nettsida. Familievernkontora kan svare på spørsmål om mekling.

Foreldre som ikkje har foreldreansvar, har etter barnelova § 47 rett til å få opplysninger om barnet frå den andre foreldren, frå barnehagen, skolen, helse- og sosialtenesta og politiet. Foreldre som får avslag på krav om slike opplysninger, kan klage til Fylkesmannen.