0-24-samarbeidet. Utsette barn og unge

0-24-samarbeidet skal sørga for betre oppfølging av utsette barn og unge.
0-24-samarbeidet skal sørga for betre oppfølging av utsette barn og unge. (Foto: fylkesmannen.no)

0-24-samarbeidet er ei felles satsing frå fleire departement for betre oppfølging av utsette barn og unge.

Det overordna målet for samarbeidet er at: 

  • Færre barn og unge fell utanfor.
  • Fleire gjennomfører vidaregåande opplæring og kan forsørga seg sjølv gjennom arbeid.

Involverte departement og direktorat arbeider for å:

  • Fjerna hinder i regelverket.
  • Samordna tiltak og verkemiddel.
  • Gjera meir av det som har effekt.

Gjennom arbeidet skal me avdekka felles utfordringar og fremja felles tiltak og strategiar for å betre kunna følga opp utsette barn og unge. Målet er å utarbeida gode arenaer, strukturar og prosessar som legg til rette for samhandling og samarbeid mellom direktorat og sektorar i eit langsiktig perspektiv. Satsinga gjeld for perioden 2015 til 2020.

Fylkesmannen har ei viktig rolle som samordningsorgan. Me skal vera pådrivar for at kommunane og fylkeskommunen utviklar eit heilskapleg og samordna tilbod til barn og unge. I dette arbeidet skal også barnekonvensjonen takast inn. 

Fylkesmannen i Rogaland har organisert arbeidet som eit avdelingsovergripande samarbeid, med forankring på leiarnivå. Me arbeider internt og eksternt for å sikra at barnekonvensjonen blir lagt til grunn i den samordna innsatsen for å få gode, heilskaplege løysningar for barn og unge.

Vi har sett oss tre mål for arbeidet i 0-24. Fylkesmannen skal medverke til at:

  • Alle barn i Rogaland veks opp utan vald og overgrep.
  • Alle barn i barneverninstitusjonar får god utdanning og god oppfølging av si psykiske helse.
  • Alle barn i Rogaland opplever å høyra til.


28.05.2020

Inn på tunet-tilbod til sårbare barn og ungdom

Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestetilboda er retta mot eit breitt spekter av tenesteområde, blant anna barne- og familievern, barnehage, grunnskule og vidaregåande skule. I samband med Regjeringas tiltak retta mot sårbare barn- og unge, peiker landbruks- og matminister Olaug Bollestad på Inn på tunet som eit viktig satsingsområde.

07.04.2020

Tverrfaglig og tverretatlig samarbeid – viktigere enn noen gang

Covid-19 startet som en helsehendelse, men ble raskt en utfordring som går på tvers av de fleste fagfelt som er i kontakt med barn og unge. Dette viser betydningen av og behovet for tverrfaglig og tverretatlig samarbeid og at det er viktigere enn noen gang.  

14.11.2018

Slik er tilbodet om helsestasjon for ungdom i Rogaland

  Regjeringa har dei siste åra gitt nær ein milliard kroner i frie inntekter og tilskot årleg for å styrkje og utvikle helsestasjons- og skulehelsetenesta, inkludert helsestasjon for ungdom (HFU), seier Ellen Margrete Carlsen, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet. Det fortel noko om både vilje til satsing og om behov for tenestene der ute.