Ingen valkamp for Magnhild

Annankvar haust sidan 1979 har haust betydd valkamp for Magnhild Meltveit Kleppa. Slik er det ikkje i år, for første gong på 36 år. Noko vil ho sakna.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.09.2015

– Det er eigentleg veldig greitt å ikkje driva valkamp. Eg har jo vore budd på at aktivt politisk arbeid er det slutt på, vedgår Magnhild Meltveit Kleppa.

Sidan seinhausten 2013 har ho vore fylkesmann i Rogaland. Som staten sin representant i Rogaland har ho ein jobb som ikkje lar seg kombinera med partipolitisk arbeid. Nå handlar det om å syta for at nasjonal politikk blir følgt opp i Rogaland. Då er det godt å ha ei lang politisk karriere bak seg, både frå lokalpolitikken i Hjelmeland, i fylkestinget og ikkje minst 20 år på Stortinget. Det tar seg heller ikkje dårleg ut på CV-en å ha vore både sosial-, kommunal- og samferdsleminister. Når ho ser seg tilbake, er det slett ikkje bare store vegprosjekt ho skal ha sin del av æra eller skulda for, alt etter korleis ein ser det.

Stemmerett for 16-åringar

Ved valet for fire år sidan blei det gjennomført forsøk i 20 kommunar der 16-åringane fekk lov til å stemma. Slik blir det i år også. I Rogaland er det Hå og Stavanger som deltar i forsøket. Dei kan takka Kleppa for det.

– Eg la fram dette forslaget då eg var kommunalminister. For meg var det viktig å få fleire unge engasjerte i utforminga av samfunnet. Men det var mange som var ueinige med meg, og påstod at 16-åringane er for umodne.

Er dei ikkje det då?

– Eg har nok møtt fleire umodne 40-, 50- og 60-åringar også! Og dei har jo stemmerett. Nei, mange 16-åringar er godt kvalifiserte til å meina noko om korleis samfunnet rundt dei kan bli betre, enten det handlar om dei sjølve, eldreomsorg, arbeidsplassar eller miljø. Derfor er eg glad for at forsøket med stemmerett for denne aldersgruppa blir vidareført ved dette valet.

Den siste laurdagen...

Som fylkesmann er det altså slutt på partipolitisk arbeid. Men valkamp er valkamp, det gjer noko med eit menneske som har politikken i blodet.

– Eg følgjer med både i aviser, radio og på tv. Eg kjenner jo dei aller fleste som er i sving. Som aktiv politikar blei det ein tradisjon å bruka den siste laurdagen før valet på stand på Arneageren i Stavanger. Det har eg alltid likt veldig godt. Så akkurat dét kjem eg nok til å sakna litt.

Kva gjer du den siste laurdagen før valet i år?

– Då skal eg gå ein lang tur heime på Hjelmeland. Det er kjekt det også!

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.