Kurs i offentleg helsearbeid

Dato:
15. oktober 2020 - 16. oktober 2020
Sted:
Scandic Stavanger Forus, Bjødnabeen 2, 4033 Stavanger
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
LIS1 i kommunehelsetenesta, turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar.

Vel møtt til fagleg og sosial samling for LIS1, turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar i kommunehelsetenesta i Rogaland.

Publisert 10.06.2020

Kurset startar torsdag 15 oktober. Det blir tatt opp tema som er relevante i dykkar praksis ute i kommunane og som dekker læringsmål for LIS1. 

Kursdagen 15. oktober er berre for LIS1 legar. Fredag 16.oktober er for LIS1 legar, turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar.

Reiseutgifter og overnatting:

Deltakarar som er med på samlinga får dekt reiseutgifter. Send reiserekning og kvitteringar til Fylkesmannen i Rogaland, Postboks 59, 4001 Stavanger. Du kan bruke:

Reiserekning frå nettsidene til Direktoratet for økonomistyring (DFØ).

Me dekker overnatting på hotell Scandic Stavanger Forus for dei turnuslegane med lang reiseveg. Me har reservert hotellrom, så marker dersom du treng overnatting når du meldar deg på. Dersom ein må starta reisa før kl. 06.00 om morgonen kan ein få dekka overnatting 14-16 oktober.

Påmeldingsfrist 16.09.2020.

 

Covid-19

Vi minner om grunnleggande føringar for smittevern knytt til møter og kursverksemd. Dersom du har akutt luftvegsinfeksjon, mistenkjer at du er sjuk med koronaviruset eller har fått bekrefta eller sannsynleg covid-19, ta kontakt med arrangør av gjeldande kurs. Les meir om smittevern knytt til arrangement på Folkehelseinstituttet si heimeside.

Fylkesmannen tek atterhald om endringar dersom smittesituasjonen endrar seg.

Dato:
15. oktober 2020 - 16. oktober 2020
Sted:
Scandic Stavanger Forus, Bjødnabeen 2, 4033 Stavanger
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
LIS1 i kommunehelsetenesta, turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar.

Dokumenter