Søknad om mudring i sjø ved Plassavegen i Vikevik

Høringsfrist:
1. juli 2019

Magne Andreas Vik har søkt om løyve til mudring og midlertidig utfylling i sjø ved eigedomane 331/1, 96, 97 og 98 i Vindafjord kommune.

Publisert 29.05.2019

Tiltaket skal djupe ut ferdselsområde i sjø i Vikevik. Berekna midlertidig utfyllingsvolum i sjø er ca. 500 m3 sprengsteinmassar. Berekna mudringsvolum er ca. 2000 m3.

Søknaden vil bli lagt ut til høyring i Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen.

Uttale frå interesserte kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no innan 4 veker frå utleggingstidspunkt.

Sjå søknad og høyringsbrev i dokumentlenkene til denne nettsaka.