Informasjon for skular og barnehagar

Er du tilsett, elev eller foreldre og  lurer på korleis koronautbrotet blir handtert i skular og barnehagar? Udir har svaret.

Utdanningsdirektoratet skriv på nettstaden sin at skuleeigarar må planlegge for at elevar kan jobbe heimefrå. 

  • Når elevar har kortvarig fråvær har kommunar og fylkeskommunar normalt ikkje plikt til å gje eleven opplæring på andre arenaer, men ved langvarig fråvær har dei normalt plikt til å gje elevane opplæring ein annan stad enn på skulen.
  • Dersom skuleeigar må avlyse eksamen i mai og juni 2020 på grunn av koronaviruset, vil elevane likevel få vitnemål.
  • Skular må følgje råd frå helsestyresmaktene med tanke på smitte av viruset.

Les heile saka om korona på nettstaden til Utdanningsdirektoratet.