Nye nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging

Regjeringa har lagt fram nye nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging for perioden 2019 – 2023, vedtatt ved kongeleg resolusjon 14.05.2019.

Regjeringa legg kvart fjerde år fram nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging for å fremme ei berekraftig utvikling i heile landet. Dei nasjonale forventningane skal følgjast opp i fylkeskommunalt og kommunalt arbeid med planstrategiar og planar, og skal leggast til grunn for statlege myndigheiter sin medverknad i planlegginga.

Regjeringa legg vekt på at vi står overfor fire store utfordringar:

  • å skape eit berekraftig velferdssamfunn
  • å skape eit økologisk berekraftig samfunn gjennom blant anna ein offensiv klimapolitikk og ei forsvarleg ressursforvalting
  • å skape eit sosialt berekraftig samfunn
  • å skape eit trygt samfunn for alle

Det blir vidare referert til FNs 17 berekraftmål. Desse vil inngå som ein viktig del av grunnlaget for samfunns- og arealplanlegginga.