Strandryddeveka

Noregs største kollektive ryddedugnad skjer denne veka. Saman ryddar vi landet!

Du kan sjølvsagt rydde strender, øyar, holmar, skjer, bekkar, elvar og innsjøar når som helst, men den nasjonale strandryddeveka begynner i dag, 29. april og varer fram til søndag 5. mai.

Ryddeaksjonar passar for alle. Det er ein flott aktivitet for familiar, enkeltpersonar, vener, kollegaer, idrettslag, velforeiningar, skular, dykkarklubbar, pensjonistar, barnehagebarn, russ, speidarar, fiskarar og mange fleire.

Ryddeaksjonen du blir med på, kan registrerast på ryddeportalen. I portalen kan du også finne fram til avfallsmottak som tek i mot marint avfall utan at du lyt betale for det.

Registrering av funn dannar grunnlaget for identifisering og ansvarleggjering av kjelder, og alle som ryddar, blir oppmoda om å bruke registreringsskjemaet til Hold Norge Rent. Hold Norge Rent er ei ideell foreining som arbeidar mot forsøpling.

Det finst også statlege tilskotsordningar til rydding av marint søppel, og ein del kommunar yter også tilskot til ryddeaksjonar.