Verktøy til vurdering av kommunestruktur

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har oppdatert rettleiingsmateriellet knytt til vurdering av kommunestruktur. Dette er meint som ein kunnskapsbase for lokale diskusjonar.

Fylkesmannen har i oppdrag å stimulere til gode diskusjonar om utfordringane i dei enkelte kommunane. Dette er eit bidrag til dette arbeidet. 

Diskusjon basert på lokalt initiativ

Granavolden-plattforma til dei fire regjeringspartia slår fast at kommunereforma held fram. Det er lagt til grunn at arbeidet skal skje gjennom positive insentiv og verktøy for gode lokale prosessar.

Interessant innhald

Utgreiingsverktøyet nykommune.no gir oversikt over relevante nøkkeltal og utviklingstrekk både for den enkelte kommune og aktuelle nabokommunar. Her er også samla lenker til andre nettstader med oversikt og nøkkelinformasjon for enkeltkommunar og landet. 

Verktøyet kan brukast saman med departementet sin rettleiar, Veien mot en ny kommune. Denne ligg no ute i ny versjon.

Lenker