Om utrekning av avlingssvikt og erstatning

Situasjonen med fôrmangel er så spesiell at Landbruks- og matdepartementet har presisert korleis regelverket for avlingsskadeerstatning og arealtilskot skal praktiserast.

Det er fylkesmannen som behandlar søknader om erstatning etter avlingssvikt som skuldast klimaet. Vi fastset erstatninga i tråd med regelverket i den enkelte saka. 

Landbruksdirektoratet har utarbeidd ei rettleiing for korleis regelverket og presiseringane for 2018 skal brukast.