Distriktsplanar

På denne sida finn du oppdaterte distriktsplanar for reinbeitedistrikta i Nordland

Alle reinbeitedistrikt skal utarbeide distriktsplanar med informasjon om mellom anna flyttemønster, beitebruk, motorferdsel og reindriftsanlegg i distriktet. Planen er distriktets dokument, og er meint å vere eit hjelpemiddel for offentleg planlegging. Den gjev ei grunnleggande innføring i den lokale reindrifta i distriktet, og er eit godt utgangspunkt for vidare kunnskapsutveksling. Distriktsplanen er likevel ikkje ei fullstendig og heildekkande skildring, og større og mindre avvik frå planen er både vanleg, nødvendig og lovleg.

Distriktsplanar for reinbeitedistrikta vert fortløpande lagt ut i høgre marg når revisjon etter nytt regelverk er ferdigstilt.