Oppstart av verneplanprosess for skog på statsgrunn


Høringsfrist 01. oktober 2020 00:00

Bekkekløft i Bergelva i Breiskardet-Båtskardet. Foto: Steinar Vatne.
Bekkekløft i Bergelva i Breiskardet-Båtskardet. Foto: Steinar Vatne.

Fylkesmannen i Nordland melder oppstart av verneplanarbeid for 18 områder på Statskog sine eigedommar i Grane, Hattfjelldal, Hemnes og Vefsn.

Fylkesmannen i Nordland melder oppstart av verneplanarbeid for 18 områder på Statskog sine eigedommar i Grane, Hattfjelldal, Vefsn og Hemnes kommunar, jf. Naturmangfoldlova § 37. Vi melder oppstart for følgjande områder:

Namn Kommune Areal (daa) Verdi Verdi med eksisterande verneområde
Utvidelse av Auster-Vefsna naturreservat Grane 221 ** ****
Breiskardet-Båtskardet Grane 4.982 ***  
Litlfjellet Grane 926 **  
Spelremvatnet Grane 747 **  
Stavvassdalen-Dempa Grane/Vefsn 8.087 ** ***
Svartvasselva Grane 204 **  
Vassåsen Grane 120 **  
Utvidelse av Skarmodalen naturreservat Hattfjelldal 1.484 ** ***
Bollermoen Hemnes 541 **  
Svartåga statskog Hemnes 297 **  
Grytåvatnet Vefsn 3.099 **  
Olaåsen Vefsn 1.106 ** ***
Utvidelse av Danielåsen naturreservat Grane 8.746 *** ****
Utvidelse av Holmvassdalen naturreservat Grane 15.815 *** ****
Jerpåsen – Utvidelse av Litle Fiplingdalselva naturreservat Grane 2.472 *** ***
Mikkeljordmoen Hattfjelldal 337 ***  
Utvidelse av Simaklubben naturreservat Hemnes 1.164 *** ***
Utvidelse av Tuvhaugen naturreservat Hemnes 338 *** ***
Totalt   50.686    

Nøyaktige kartavgrensingar for oppstart kan sjåast i dette kartet: https://fylkesmannen.maps.arcgis.com/apps/webappviewer/index.html?i=cb9d7639af174af59d01d2af2908fd31.

Oppstartsmelding med utfyllande informasjon finn du under relaterte dokument. Verneplanen omfattar eit areal på i overkant av 50.000 daa. Området til saman er ikkje så stort at det utløyser plikt om konsekvenutgreiing, men Miljødirektoratet skal i løpet av prosessen framskaffe data som gir eit godt grunnlag for avveging mellom verneverdiar og næringsmessige konsekvensar.

For å sikre god medverknad i prosessen ønskjer vi å ha opne kontordagar og opne befaringar i august i veke 35. Vi har sett av ein dag i kvar kommune. Befaringane erstattar folkemøta som vi tidlegare har brukt og hatt i slike verneplanprosessar. Meir informasjon om opne kontordagar og befaringar finn de i oppstartsmeldinga. Påmelding til befaringane kan gjerast via denne linken:

https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=jqVvilNR-kuai1c9mFpBhg3vNuOE_ktBgc3zVghuj7NUMFVBRTdRRjVZRlk4Q0lSRDVLQVdDOEpJNS4u

Vi opprettar også ei referansegruppe som skal vere eit bindeledd mot dei ulike samfunnsinteressene under utarbeiding av verneplanen. Hovedformålet med denne gruppa vil vere å bidra til ein god prosess, rådgiving og gjensidig informasjons- og kunnskapsutveksling. 

For å få ein god prosess er det viktig å få klarlagt dei interessene som knytter seg til bruken av dei nevnte områda.

Merknader eller innspel til oppstarten av verneplanarbeidet kan sendast til Fylkesmannen i Nordland, Postboks 1405, 8002 Bodø eller pr. e-post: fmnopost@fylkesmannen.no. Fristen for å kome med innspel til oppstartsmeldinga er 1. oktober 2020.

Dersom du har spørsmål om prosessen eller dei aktuelle skogområda, finn du kontaktpersonar i høgremargen på denne sida.