God deltaking på informasjonsmøte om kva det vil seie å bli verje

Fylkesmannen arrangerte tirsdag kveld, eit informasjonsmøte på St. Carolus i Molde, der ein fekk høyre meir om kva det inneber å stille som verje.

Godt oppmøte

Det var rundt 23 personar som kom på informasjonsmøtet, noko vi er veldig glade for.

Vi treng fleire verjar

Vi treng samfunnsengasjerte personar som kan stille som verje for barn og vaksne i Møre og Romsdal. Om du trur at dette kunne vere noko for deg, håper vi at du registrerer deg i dette skjemaet, så vil vi ta kontakt med deg.

Informasjon

Meir informasjon om det å være verje finn du under menypunktet verjemål, eller på verjemålsportalen - www.vergemal.no.