Verje si rolle ved sal av bustad/eigedom

Skal du selje bustad/eigedom for den du er verje for?

Vi har no lage ei sjekkliste for deg.

  • Kontrollere om det føreligg testament eller andre avtalar knytt til eigedomar og innbuet.
  • Møte med verjehavar om sal av bustad, og kva verjehavar ønskjer skal skje med eigedom(ane) og innbuet. Finne ut om verjehavar har spesielle ønskjer. Finn ut om det er innbu av spesiell verdi (kostnads messig eller affeksjons messig). Verjehavar må samtykke skriftleg til salet (dersom dette er mogeleg).
  • Kontakte pårørande om sal av eigedomen og tømming av bustaden for innbu. Nærståande kan ikkje bestemme kva som skal skje med verjehavars eigedom og innbu, men kan ha ønskjer om innbu eller kjøp av eigedomen.

Dersom verjehavar er enkje/enkjemann, må verje sjekke om verjehavar er i skifta eller uskifta bu. Er det særkullsbarn etter avdød ektefelle som kan ha krav på del av innbuet eller bør kontaktast i forbindelse med salet?   Verje må sjekke at han har oversikt over alle livsarvingar etter verjehavar.

  • Sende søknad til fylkesmannen om godkjenning av sal av eigedom. Søknad Vedrørande innbu sender verje samtidig, dersom det er nolo av spesiell verdi (kostnads messig eller affeksjons messig)
  • Vedtak om sal av eigedom må verje lese nøye når dette mottatt.

 

Ved fritt sal i eigedomsmarknaden:

  • Når vedtak frå fylkesmannen er mottatt, kan verje kontakte eigedomsmeklar eller advokat med fullmakt til å drive eigedomshandel, og hente inn tilbod på sal av bustad, og velje den som er best for oppdraget.  
  • Verje avtale møte med meklar og skriv kontrakt, gjer avtale om takstmann, fotograf, visning og når huset kan leggjast ut for sal. Verje gjev meklar ein nøkkel for visning, takstmann og fotografering.

Normalt vurderer fylkesmannen at det ikkje er naudsynt at verje er til stades samen med eigedomsmeklar ved taksering av bustaden av autorisert godkjent takstmann, fotografering eller på visning sidan dette er ein del av den jobben som eigedomsmeklar skal gjere.   Dersom det er eit nærståande verje, som kjenner eigedomen, kan det være naturleg at verje er til stades samen med takstmannen i staden for meklar.

 

Ved sal til nærståande:

  • Verje kontaktar takstmann, og er til stades samen med takstmannen på hans synfaring.
  • Verje sender søknad om sal til fylkesmannen, og legg ved godkjenning til sal frå verjehavar, samt takst frå takstmannen.  Dersom verje er interessert i å overta bustaden til verjehavar, må fylkesmannen sette inn midlertidig verje i sak over sal av eigedomen.
  • Når fylkesmannen sitt vedtak om sal er mottatt, kan verje kontakte meklar eller advokat for hjelp kontrakt og oppgjer, jamfør vårt vedtak.

 

Videre arbeid etter vedtak og avtale med eigedomsmeklar:

  • Verje sikrar alle dokument og verdiar som er i bustaden.
  • Ønskjer verjehavar å behalde noko, må verje gjere avtale om lagring av dette . Desse verdiane må verje sørge for blir pakket på en god måte, og frakta til lager. Verje si rolle er å sørge for avtale med firma/personar som kan ta jobben med pakking og frakting, samt ordne med endring av forsikringar på bustad og eventuell lagring.
  • Nærståande er ansvarleg for at eigedomen blir tømt for resten av innbuet. Dersom verjehavar ikkje har bestemt noko anna, kan pårørande dele dette.

Dersom det ikkje er pårørande/nærståande/venner i saka, må verje sørge for at alle verdiar blir oppbevart og lagra. Innbu og dokument med personlege opplysningar som ikkje skal takast vare på, og som det er viktig ikkje kjem uvedkomande i hende må fjernes og makulerast.

  • Verje bestiller container til det som skal kastast, og rekning vert sendt verje for betaling.
  • Verje gjer avtale med selskap som kan tømme eigedomen for resterande innbu
  • Verje gjer avtale med firma om ned vask av eigedomen etter at den er tømt (dersom pårørande ikkje tek på seg denne jobben vederlagsfritt). Verje kan ikkje gjere denne jobben sjølv mot betaling.
  • Verje held kontakt med meklar Vedrørande sal av eigedomen og framdrifta i salet. Verje er tilgjengeleg for meklar for godkjenning av bod på eigedomen, og godkjenner desse. Det kan berre skrivast timar for tid i telefon med meklar og fylkesmann/verjehavar/pårørande.
  • Dersom bodet på eigedomen kjem under marknadsverdi, er det normalt meklar som kontaktar fylkesmannen for godkjenning.
  • Verje deltar på kontraktsmøte med kjøper, og skriv kontrakt. Bustadforsikring frå seljar bør teiknast (blir gjort i kontraktsmøte med meklaren etter sal og før overtaking).
  • Meklar deltar på møte med kjøper av eigedomen på overdragingstidspunktet. Det er ikkje naudsynt at verje deltar her utan at dette er et nærståande verje som har informasjon om eigedomen og ønskjer og gje denne informasjonen vidare til kjøper direkte. Det vert skreve protokoll frå dette møte som vert underteikna av meklar og kjøper.
  • Meklar sender oppgjersoppstilling til verje med kopi til fylkesmannen, og verje kontrollerer at oppgjersoppstillinga stemmer med dei avtalar som er inngått.

Rekning for takstmann og fotografering vert normalt sendt direkte til verje for betaling før eigendomen er seld.

  • Sal av eigedom vert kan godtgjerast etter timesats. Dersom det er brukt mange timar i saka, må verje skrive ei grunngjeving til at dette. Når det vert gitt godtgjering etter timesats, vert det ikkje gitt fast godtgjering tillegg. Alt arbeid som vert utført i denne perioden må verje skrive timeliste for.

Timelista skal innehalde dato, tidsbruk pr arbeidsoppgåve, kva arbeidsoppgåve er utført, møter og telefonsamtalar må innehalde kven møte/telefonsamtalen var med og kva var tema i møte/samtalen.