Spørsmål kring skattemeldinga for verjer

Førre veke la skatteetaten ut den nye skattemeldinga for 2019. Fylkesmannen har særleg fått spørsmål kring to tema når det gjeld verjer. 

Spørsmål 1:
Kor skal frådrag for verjegodtgjeringa skrivast inn i den nye skattemeldinga, når det er personen med verje sjølv som utbetaler godtgjeringa?

Svar:
Den gamle versjonen av skattemeldinga har ein eigen post der ein kan skrive inn frådrag for verjegodtgjering. Den nye skattemeldinga har ikkje ein eigen post, men er delt inn i tema. Under temaet kostnadar og frådrag knytt til arbeid og andre inntekter, ligg «Dine kostnadar». Klikk «Endre» og «Legg til fleire opplysingar».

Trykk «Verjegodtgjering» i nedtrekkmenyen og legg inn beløp til frådrag. Verjegodtgjeringa visast i endra skattemelding som «andre frådrag» og kjem som eit tillegg til minstefrådraget (sjå eksempel i utklipp frå ny skattemelding under).

 

Spørsmål 2:
Kor finns ei utskriftsvennleg utgåve av skattemeldinga som rekneskapspliktige verjer kan sende til fylkesmannen som ein del av verjerekneskapet for 2019?

Svar:
Skatteetaten seier at alle skattepliktige vil få tilgang til den ordinære skattemeldinga i PDF-format i Altinn etter 31. mars. I Altinn kan båe førehandsutfylt og korrigert skattemelding hentast ut og leverast som ein del av verjerekneskapet.

 

For å sjå grafikk på korleis du kan finne dette i skattemeldinga følg lenka oppført til høgre eller klikk her.