Informasjon om skattemelding 2019 som skal sendast Fylkesmannen som del av verjerekneskap

Fylkesmannen gjer verja merksam på at ved innsending av verjerekneskap må verja kontrollere at dei sender inn detaljert utgåve av skattemeldinga,  og ikkje oppsummeringa du  finn på sida der du kontrollerer skattemeldinga.

Du finn PDF-versjonen av den opphavlege skattemeldinga di ved å logge inn i Altinn. I år er denne tilgjengeleg frå 30. mars for alle som har fått ny skattemelding og 31. mars for alle med gamal skattemelding..

Etter at du har logga inn, klikkar du på meldinga som heiter "Melding: Skattemeldinga for 2019 som dokumentasjon". Då får du opp ei PDF-fil som du kan lagre eller skrive ut.

Link til informasjon om dette finn de på www.skatteetaten.no:

https://www.skatteetaten.no/person/skatt/skattemelding/skriv-ut-skattemeldingen/

Sjå også brev om innsending av verjerekneskap av 24.02.20 med vedlagt informasjon om innsending av verjerekneskap for 2019.