Tilskot til styrking av habilitering og rehabilitering i kommunane

Tilskot til styrking av habilitering og rehabilitering er ett av tiltaka i Opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering 2017-2019. Det skal stimulere til å utvikle og styrkje dei kommunale tenestene.

Målet er å styrke feltet med tanke på at kommunane på sikt skal overta fleire oppgåver frå spesialisthelsetenesta, og at hovedtynga av habiliterings- og rehabiliteringsinnsatsen skal skje i kommunane. Utfordringsbiletet er omtalt i Meld.St. 26 (2014-2015) "Fremtidenes primærhelsetjeneste".

Styrking av tenestene i tråd med Opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering 2017-2019, og i samsvar med krav og tilrådingar i "Veileder for rehabilitering og habilitering, individuell plan og koordinator". Innan utgangen av tilskotsåret skal kommunen ha ein oppdatert plan for habilitering og rehabilitering.  

Delmål:

a) Styrkje pasientar og brukar sine vilkår for å oppretthalde og/eller gjenvinne si fysisk, sosial og/eller psykiske meistringsevne.

b) Førebyggje og utsetje behov for kompenserande tenester.

c) Sikre tilbod i samsvar med befolkninga sine behov, fagleg innhald, kvalitet og kapasitet, jf. Meld. St. 26 (2014 - 2015), "Fremtidens primærhelsetjeneste", med hovudvekt på kap. 21.

d) Styrkje samarbeidet med brukarorganisasjonar, spesialisthelsetenesta, andre sektorar og i og utanfor kommunen.

e) Sikre at pasientar og brukarar får oppfylt retten til individuell plan og koordinator, herunder styrkje koordinatorrolla. 

f) Koordinerande eining legg til rette for heilskapleg og koordinerte tenester på tvers av fag, nivå og etatar.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har kr 4 973 000 til fordeling i 2019.

For meir informasjon, sjå lenkene til høgre.

Søknadsfrist:
01.04.2019 23:59:00
Målgruppe:
Pasientar og brukarar med nedsett funksjons- og meistringsevne som kan ha nytte av habilitering og rehabilitering. Tilbodet må samsvare med breidda i behov for sosial, psykososial og medisinske habilitering og rehabilitering.
Ansvarlig:
Fylkesmannen
Hvem kan søke:
Kommunar
Rapporteringsfrist:
01.04.2019 23:59:00

Kontaktpersoner