Tilskot til kommunale frisklivssentralar

Fylkesmannen Møre og Romsdal har fått tildelt 1,2 mill til fordeling til kommunalt frisklivstilbod i 2019

Ordninga skal stimulere kommunane til å etablere og vidareutvikle kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod for å støtte opp under måla i Samhandlingsreforma og NCD-strategien om å
• fremme fysisk og psykisk helse,
• førebygge sjukdom,
• bidra til meistring av sjukdom
• betre bruk av den samla ressursen i helse- og omsorgstenestene

Målgruppe for Frikslivssentralar er personar som har auka risiko for, eller har utvikla, samansette helseplagar og kronisk sjukdom, og som treng hjelp til å endre levevanar eller meistre livet med helseutfordringar.

Meir om kriteria og krav til innhald i søknaden finn de på helsedirektoratet sine heimesider. Lenke ligg i høgremenyen.

Søknadsfrist 8.april

Legg til i egen kalender
Søknadsfrist:
08.04.2019 00:00:00
Målgruppe:
Kommunane i Møre og Romsdal
Ansvarlig:
Helse og sosialavdelinga
Hvem kan søke:
Kommunane i Møre og Romsdal
Rapporteringsfrist:
01.04.2020 00:00:00