Tilskot til førebyggande tiltak mot rovviltskader og konfliktdempande tiltak

Føremålet med ordninga er å sikre iverksetting av effektive førebyggande tiltak for å minske skadane rovvilt kan forårsake på produksjonsdyr i landbruket, samt konfliktdempande tiltak for å redusere ulemper for lokalsamfunn og andre grupper.

Søknadane skal sendast inn elektronisk via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter (https://soknadssenter.miljodirektoratet.no/)

Det er tre ulike skjema ein kan velje etter kva type tiltak ein søkjer tilskot til:

Direkte tapsreduserande tiltak – førebyggande tiltak

Under direkte tapsreduserande tiltak reknar ein tiltak som fysisk skil rovdyr og beitedyr;

  • Døme: planlagt tidleg nedsanking av sau, forsinka slepp på utmarksbeite, flytting av sau til mindre rovviltutsette beiteområde, heimebeite, beredskapsareal, rovdyravvisande gjerde.
  • Det kan også vere utvida tilsynsaktivitet i kombinasjon med andre tiltak, som bruk av voktarhund, kortvarig intensivt tilsyn under eit akutt skadesituasjon, eller i kombinasjon med søk av kadaver med hund eller bruk av nattkve
  • Andre tiltak som kan vere direkte tapsreduserande
  • Driftsomstilling grunna rovvilt

Utvikling av praksis og erfaring som seinare kan danne grunnlag for iverksetting av nye tiltak kan ein også prioritere innan ordninga

  • Utprøving av nye førebyggande tiltak mot rovviltskadar, og evaluering av igangsette tiltak
  • Tiltak som avklarar tapsforhald, under her også elektronisk overvaking
  • Forskings- og utredningsoppgåver som gjev utvikling og iverksetting av effektive førebyggande tiltak

Konfliktdempande tiltak

Konfliktdempande tiltak har som mål å dempe konfliktar i samfunnet forårsaka av rovvilt. Tiltaka skal bidra til økt kunnskap om og forståing av rovvilt og rovviltforvaltning. Tiltak retta mot barn og unge vert prioritert.

Akutte tiltak

Under skadesituasjonar i beitesesongen kan ein søkje om tilskot til akutte tiltak; som intensivt kortvarig tilsyn, kadaversøk med hund, sanking av beitedyr til beredskapsbeiter, eller skadefellingsforsøk. Søknad om akutte tiltak har ingen søknadsfrist. Ein må kontakte Fylkesmannen for å gjere avtale, og sette i verk tiltak så rask som mogleg.

Søknadsfrist:
15.02.2019 23:59:00
Målgruppe:
Kommunale rovviltutval, beitelag, føretak med produksjonsdyr i landbruket, organisasjonar og forskingsinstitusjonar
Ansvarlig:
Fylkesmannen
Hvem kan søke:
Kommunale rovviltutval, beitelag, føretak med produksjonsdyr i landbruket, organisasjonar og forskingsinstitusjonar

Kontaktpersoner