Svømming i barnehage

Tilskotet skal bidra til at barn i alderen 4 - 6 år i barnehage får betre svømmeferidgheiter og blir trygge i vatn.

Kommunar, barnehagar og frivillege organisasjonar kan søke om tilskot for å gjennomføre tiltak slik at barn i alderen 4 - 6 år får tilstrekkelege svømmeferigheiter og blir trygge i vatn.

Opplæringa skal skje i barnehagen si opningstid og skal i hovudsak skje i basseng. Det er viktig at gutar og jenter får eit likeverdig tilbod.

Søknader som omhandlar eit samarbeid mellom kommune of frivilleg organisasjon vil bli prioritert. Kommunar kan og samarbeid om å etablere eit opplæringstilbod.

Tilskotet kan nyttast til å dekke transport til/frå svømmehall.

Tilskotssatsen for 2019 er kr. 1 850,- pr barn.

Søknad sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal på eige skjema. Vi tek i mot søknader fortløpande.

Søknadsfrist:
01.05.2019 00:00:00
Målgruppe:
Barnehagar
Ansvarlig:
Reidun Nedrebø
Hvem kan søke:
Kommunar, barnehagar og frivillege organisasjonar
Rapporteringsfrist:
15.12.2019 00:00:00

Kontaktpersoner