Stimuleringstilskot til veterinære tenester

Føremålet er å bidra til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake område.

Tilskot til kommunale veterinærtenester skal bidra til naudsynt tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell. Tilskotet blir gitt til kommunane, som etter dyrehelsepersonellova har ansvar for å sørgje for tilfredsstillande tilgang på tenester frå veterinærar, og for å organisere ei klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid.

Landbruks- og matdepartementet fordeler stimuleringstilskotet til fylke med kommunar som har dårleg næringsgrunnlag for veterinære tenester.

Fylkesmennene i desse fylka prioriterer fordelinga mellom kommunane som søkjer i tråd med retningsliner frå Landbruksdirektoratet.

Dei viktigaste kriteria for prioritering skal vere:

  1. Kommunar med dårleg næringsgrunnlag for veterinærar
  2. Lavt dyretal og krevjande infrastruktur
  3. At stimuleringstilskotet er hensiktsmessig for å bidra til å sikre tilfredsstillande tilgang på teneste frå dyrehelsepersonell
  4. At det er vanskeleg å rekruttera og behalde veterinær

Dei mest aktuelle stimuleringstiltaka er etableringsstøtte, driftsstøtte, samt å opprette kommunale veterinærstillingar der den tilsette også kan bidra til å løyse ulike oppgåve i kommunen der kompetansen til veterinæren kommer til nytte

Legg til i egen kalender
Søknadsfrist:
28.02.2019 00:00:00
Målgruppe:
Kommunar og vaktdistrikt (ved administrasjonskommune)
Ansvarlig:
Marianne Aas Halse og Tone Helen Rørseth
Hvem kan søke:
Kommunar som har utfordringar med å få stabil tilgang på veterinærteneste, og som legg planer for gode, lokale løysingar
Rapporteringsfrist:
20.01.2020 00:00:00