Produksjonstilksot i jordbruket - del 1

Søknadsfrist:
15. mars 2018 23.59
Målgruppe:
Føretak som driv med vanleg jordbruksproduksjon
Ansvarlig:
Kommunen
Hvem kan søke:
Føretak som driv med vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar

Del 1 av søknad om produksjonstilskot for 2018. Søknad kan sendast inn frå 1. mars. Registreringsdatoen er 1. mars og søknadsfrist 15. mars.  Merk at søknadsfristen no er endeleg - ingen leveringetter fristen.

Publisert 05.03.2018

Føremålet med produksjonstilskot er å bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk innanfor dei målsettingar som Stortinget har trekt opp.

Produksjonstilskot i jordbruket er eit samlebegrep for ei rekke tilskot til både areal- og husdyrproduksjon, dessutan tilskot til avløysing ved ferie og fritid.

Det er kun dyretal som føretaket disponerer pr. 1. mars som skal registrerast ved Del 1 i mars. Det er derfor berre føretak som har husdyrproduksjon som skal søke no. Øvrige opplysningar (areal, dyr på beite, avløysarutgifter m.fl.) blir registrert i Del 2 i oktober.

Fristen for å søke er 15. mars. Opplysningane i den innsendte søknaden vil kunne endrast fram til og med 29. mars. Utbetaling vil skje i februar 2019.

Dersom du føl lenkja til Landbruksdirektoratet, finn du mykje nyttig informasjon om produksjonstilskot og avløysartilskot.

  • Forskrift og rundskriv,
  • Frå jordbruksoppgjeret,
  • Satsar og utbetalingsdato
  • Rettleiing til søknad om produklsjonstilskot og avløysartilskot
  • Rettleing til berekning av produksjons- og avløysartilskot, som du kan bruke til eiga budsjettering
Søknadsfrist:
15. mars 2018 23.59
Målgruppe:
Føretak som driv med vanleg jordbruksproduksjon
Ansvarlig:
Kommunen
Hvem kan søke:
Føretak som driv med vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar