Tilskot til drift av beitelag

Søknadsfrist:
1. november 2017 23.59
Målgruppe:
Beitelag som har dyr på beite i utmark
Ansvarlig:
Kommunen
Hvem kan søke:
Registrerte beitelag, som organiserer felles beitebruk i utmark

Føremålet er å legge tilhøva til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, og å redusere tap av dyr på utmarksbeite gjennom organisert tilsyn, organisert sanking og andre målretta fellestiltak i beiteområda. Fristen utsett til 01.11.2017 kl 23:59.

Publisert 06.04.2016

Tilskot kan gjevast til beitelag

som er godkjende av kommunen, og som organiserer felles beitebruk i utmark for sau, geit, storfe og hest i minimum 5 veker i sommarhalvåret. Mjølkande kyr og geit, og dyr som heile beitesesongen beitar på innmark, er ikkje omfatta.

Fristen er 01.11.2017 kl 23:59
Det kan søkjast om tilskot til drift av beitelaga gjennom Regionalt miljøprogram, og søknadsfristen er sett til 1. november.

Tilskotet vert betalt ut etter ein fast sats per storfe og per småfe som kjem att frå beite om hausten.

Det kan òg søkjast om tilskot til investeringar gjennom Organisert beitebruk (tidlegare SMIL). Kontakt kommunen for meir informasjon.

Søknadsfrist:
1. november 2017 23.59
Målgruppe:
Beitelag som har dyr på beite i utmark
Ansvarlig:
Kommunen
Hvem kan søke:
Registrerte beitelag, som organiserer felles beitebruk i utmark