Tilskot til kommunalt rusarbeid 2020

Tilskot til kommunalt rusarbeid er no kunngjort på Helsedirektoratet sine heimesider. Målet med ordninga er auka kapasitet og varig vekst i kommunane sine tenester til menneske med rusmiddelrelaterte problem. Dei skal sikrast eit heilskapleg, tilgjengeleg og individuelt tilpassa tenestetilbod.

Det er berre mogleg å søke på elektronisk skjema. Rapportering for tilskot mottatt i 2019 ligg i same skjema. Kommunar som har mottatt tilskot i 2019 og ikkje skal søke vidare skal rapportere innan same frist. Følg lenka på helsedirektoratet sine sider for meir informasjon

Revisorattestert rekneskap er ikkje nødvendig for tilskot gitt i 2019, men det skal leverast eigenerklæring på økonomirapporteringa. Elektronisk rapporteringsskjema finn du i lenka i høgremenyen.

Frå 2017 vart det lagt til rette for ei mer systematisk kapasitetsbygging enn tidlegere. Tilskotsperioden er avgrensa til fire år med ein årleg reduksjon av midlane. Det er og strengare krav om forankring av tiltak/stillingar i kommunale planverk og budsjett.

Nokre av kommunane  som har hatt tilskot til kommunalt rusarbeid i 2019 har slått seg saman frå 1.1.2020. For desse er det den nye kommunen  som har ansvar for å oppfylle dei krav som er stilt i tildelingsbrevet til dei kommunane som inngår i ny kommune.  I søknads- og rapporteringsskjemaet er det fleire stader lagt inn informasjon og rettleiing om korleis dette skal gjerast.

Søknadsskjema finn du på Helsedirektoratet sine heimesider her

Søknadsfrist:
01.03.2020 00:00:00
Målgruppe:
Kommunane i Møre og Romsdal
Ansvarlig:
Helse og sosialavdelinga
Hvem kan søke:
Kommunane i Møre og Romsdal
Rapporteringsfrist:
01.02.2021 00:00:00