Tilskot konfliktdempande rovvilttiltak

Tilskotsordninga skal nyttast til godtgjering ved forsøk på skadefelling av rovvilt, og medverke til å dempe konfliktar og auke verdiskapinga knytt til førekomst av rovdyr i lokalsamfunn.

Del 2. Konfliktdempande tiltak

Forskrift for ordninga er felles med forskrifta for forebyggande tiltak (jf. omtale under Del 2.) og ligg her.

Målgruppe

Målgruppe er husdyreigarar, reineigarar og kommunar. Lokale, regionale og landsomfattande organisasjonar og forskingsinstitusjonar kan også søke om tilskot.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak i kommunar skal gjere lokalsamfunn som råkast av rovvilt, særleg bjørn og ulv, betre i stand til å handtere konfliktar som desse artene kan skape. Tiltaka skal medverke til auka kunnskap om og forståing for rovvilt og rovviltforvaltning. Tiltak retta mot barn og unge blir prioriterte. Evaluering av verknader av tiltak som er sett i gang kan også få tilskot.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader som omfattar den einskilde region adresserast til Fylkesmannen i det fylke der søkjaren har bustad. Søknader av nasjonal karakter skal adresserast til Miljødirektoratet.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. februar 2020.

Fylkesmannen handsamar søknaden innafor ei budsjettramme og føringar fastsett av den regionale rovviltnemnda.

Søknadsfrist:
15.02.2020 23:59:00
Målgruppe:
Husdyreigarar, reineigarar og kommunar. Lokale, regionale og landsomfattande organisasjonar og forskingsinstitusjonar kan og søke om tilskot.
Ansvarlig:
Marianne Aas Halse
Hvem kan søke:
Husdyreigarar, reineigarar og kommunar. Lokale, regionale og landsomfattande organisasjonar og forskingsinstitusjonar kan også søke om tilskot.

Kontaktpersoner